Isaiah 2NO2011NN

1Ordet som Jesaja, son til Amos, såg om Juda og Jerusalem:

2I dei siste dagar skal det skje at HERRENS tempelberg skal stå urokkeleg som det høgaste av fjella og raga over høgdene. Dit skal alle folkeslag strøyma.

3Mange folk skal dra av stad og seia: «Kom, lat oss gå opp til HERRENS fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar og vi kan ferdast på hans stigar. For lov skal gå ut frå Sion, HERRENS ord frå Jerusalem.»

4Han skal dømma mellom folkeslag og skifta rett for mange folk. Dei skal smi sverda om til plogskjer og spyda til vingardsknivar. Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig.

5Kom, Jakobs hus, lat oss vandra i HERRENS lys!

6Du har forkasta folket ditt, Jakobs hus. For der er det fullt av spådomar og av teikntydarar, som hos filistrane, overalt er det framande.

7Landet er fullt av sølv og gull, overalt er det skattkammer. Landet er fullt av hestar, overalt er det vogner.

8Landet er fullt av avgudar, folk tilbed noko dei sjølve har laga med sine eigne hender og fingrar.

9Mennesket er bøygd, kvar mann er fornedra. Tilgjev dei ikkje!

10Gå inn i fjellet, gøym deg i jorda for redsla som HERREN vekkjer, for hans stordom og velde!

11Den stolte må slå auga ned, hovmodet hos menn skal bøyast. HERREN åleine er opphøgd den dagen.

12For det kjem ein dag frå HERREN over hærskarane då alt som er hovmodig og høgt, alt som kneisar, skal fornedrast,

13alle sedrar på Libanon, så høge og kneisande dei er, alle eiker i Basan,

14alle høge fjell, alle kneisande høgder,

15alle opphøgde tårn og alle festningsmurar,

16alle Tarsis-skip og alle herlege skuter.

17Då blir det stolte mennesket bøygd og hovmodet hos menn fornedra. HERREN åleine er opphøgd den dagen.

18Med avgudane er det slutt for alltid.

19Då skal folk gøyma seg i fjellgrotter og jordhòler for redsla HERREN vekkjer, for hans stordom og velde når han reiser seg for å slå jorda med skrekk.

20Den dagen skal menneska kasta frå seg til moldvarp og flaggermus gudebileta av sølv og gull som dei har laga seg og tilbed.

21Dei skal gøyma seg i fjellhòler og bergkløfter for redsla HERREN vekkjer, for hans stordom og velde når han reiser seg for å slå jorda med skrekk.

22Hald opp med å stola på mennesket som berre har pust i nasen. Kva er vel mennesket å rekna for?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.