Isaiah 49NO2011NN

1Høyr på meg, de kystar, lytt, de folk frå det fjerne! HERREN kalla meg før eg vart fødd, frå eg var i mors liv, har han hugsa namnet mitt.

2Han gjorde munnen min til eit kvast sverd, i skuggen av si hand løynde han meg. Han gjorde meg til ei spiss pil, i koggeret sitt gøymde han meg.

3Han sa til meg: «Du er min tenar, Israel, på deg vil eg syna min herlegdom.»

4Men eg sa: «Fåfengt har eg streva, på vind og ingenting har eg brukt all mi kraft. Min rett er likevel hos HERREN, mi løn er hos min Gud.»

5«Og no», seier HERREN, som frå eg var i mors liv har forma meg til sin tenar for å føra Jakob tilbake til han så Israel kan samlast hos han — eg er æra i HERRENS auge, min Gud er min styrke —

6han seier: «Det er for lite at du er min tenar som skal reisa opp att Jakobs stammar og føra tilbake dei som er att av Israel. Eg gjer deg til lys for folkeslag så mi frelse kan nå til enden av jorda.»

7Så seier HERREN, Den heilage, som løyser Israel ut, til han som er forakta, forkasta av folkeslag, slave under herskarar: Kongar skal sjå og reisa seg, fyrstar skal sjå og kasta seg ned, for HERREN er trufast, Israels Heilage. Han har valt deg ut.

8Så seier HERREN: I nådens tid svarar eg deg, på dagen for frelsa hjelper eg deg. Eg har forma deg og gjort deg til ei pakt for folket for å reisa landet opp att og skifta ut eigedomar som ligg aude,

9for å seia til fangar: «Gå ut!» og til dei som er i mørkret: «Kom fram!» Dei skal beita langs vegane og finna beite på alle snaue høgder.

10Dei skal ikkje svelta og ikkje tørsta, hete og sol skal ikkje råka dei. For han som viser miskunn, skal føra dei og leia dei til kjelder med vatn.

11Eg gjer alle fjella mine til veg, vegane mine skal byggjast høgare.

12Sjå, frå det fjerne kjem dei, somme frå nord og frå vest og somme frå Sinim-landet.

13Jubla, du himmel, og gled deg, du jord, bryt ut i jubel, de fjell! For HERREN trøystar sitt folk og viser miskunn mot sine hjelpelause.

14Sion seier: «HERREN har forlate meg, Herren har gløymt meg.»

15Kan ei kvinne gløyma sitt diande barn, ei omsorgsfull mor det barnet ho bar? Sjølv om dei skulle gløyma, skal ikkje eg gløyma deg.

16Sjå, eg har teikna deg i hendene mine, murane dine er alltid framfor meg.

17Dei som skal byggja deg, kjem springande, dei som la deg i ruinar og grus, dreg bort frå deg.

18Lyft auga og sjå deg ikring! Alle samlar seg og kjem til deg. Så sant eg lever, seier HERREN: Du skal ta dei alle på deg som eit smykke, som ei brur skal du binda dei om deg.

19Ja, dine ruinar og aude stader og landet som ligg i grus, no blir det for trongt for dei som bur der. Langt borte er dei som vil sluka deg.

20Endå ein gong skal øyret ditt høyra at borna du fekk i di barnløyse, seier: «Denne staden er trong for meg. Gjev plass, så eg kan bu her!»

21Då skal du seia i hjartet ditt: «Kven har fødd meg desse? Eg var barnlaus og ikkje fruktbar, landlyst og fordriven. Kven har fostra desse? Sjå, eg var forlaten og åleine. Kvar kjem desse frå?»

22Så seier Herren GUD: Sjå, eg lyfter handa for folkeslag og reiser mitt banner for folka. Dei kjem med sønene dine på armen, og døtrene dine ber dei på skuldrene.

23Kongar skal vera fosterfedrar for deg og dronningar ammene dine. Dei skal kasta seg ned for deg med andletet mot jorda og slikka støvet for føtene dine. Då skal du kjenna at eg er HERREN. Dei som set si von til meg, skal ikkje bli til skamme.

24Kan byttet takast frå ein krigar, kan fangar bergast frå ein valdsmann?

25Ja, så seier HERREN: Fangar skal takast frå krigaren, og byttet skal bergast frå valdsmannen. Eg vil strida mot dei som strider mot deg, og borna dine vil eg frelsa.

26Dei som var harde mot deg, lèt eg eta sitt eige kjøt og rusa seg på sitt eige blod som på druesaft. Og alle menneske skal kjenna at eg er HERREN, som frelser deg, Jakobs Mektige, som løyser deg ut.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 49.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.