Isaiah 50NO2011NN

1Så seier HERREN: Kvar er skilsmissebrevet eg skal ha sendt mor dykkar bort med? Eller kva for ein långjevar er det eg skal ha selt dykk til? Sjå, for syndene dykkar vart de selde, for brota dykkar vart mor dykkar send bort.

2Kvifor fann eg ingen då eg kom, kvifor svara ingen då eg ropa? Er mi hand for kort til å fria ut, har eg ikkje kraft til å berga? Sjå, når eg trugar, legg eg sjøen tørr og gjer elvar til ørken, fisken stinkar, for vatnet er borte, han døyr av tørste.

3Eg kler himmelen i svart, eg sveiper han i sekkestrie.

4Herren GUD har gjeve meg læresveins tunge så eg kan styrkja den trøytte med eit ord. Morgon etter morgon vekkjer han mitt øyre så eg kan høyra på læresveins vis.

5Herren min GUD har opna mitt øyre. Eg var ikkje trassig og trekte meg ikkje tilbake.

6Ryggen overgav eg til dei som slo, kinnet til dei som reiv av meg skjegget, andletet løynde eg ikkje for vanære og spytt.

7Herren GUD hjelper meg, difor blir eg ikkje til spott, difor gjer eg andletet hardt som flint, og eg veit at eg ikkje blir til skamme.

8Han som frikjenner meg, er nær. Kven vil føra sak mot meg? Lat oss stå fram saman! Kven er min motpart? Lat han stiga fram mot meg!

9Sjå, Herren GUD hjelper meg. Kven vil dømma meg skuldig? Sjå, dei skal alle bli utslitne som klede, møll skal eta dei opp.

10Kven av dykk fryktar HERREN og høyrer på røysta til tenaren hans, han som vandrar i mørker og ikkje har lys, men må stola på HERRENS namn og støtta seg til sin Gud?

11Sjå, alle de som har kveikt opp eld og rusta dykk med brannpiler: Gå inn i den logande elden dykkar, mellom pilene de har kveikt! Frå mi hand kjem dette over dykk, i pinsle skal de liggja.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 50.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.