1Høyr dette, Jakobs hus, de som blir kalla med Israels namn og er komne frå Judas kjelde, de som sver ved HERRENS namn og kallar på Israels Gud, men ikkje i sanning og rettferd!
2Dei kallar seg etter den heilage byen og støttar seg til Israels Gud. HERREN over hærskarane er hans namn.
3Dei første ting har eg fortalt frå før. Frå min munn gjekk det ut, eg forkynte det. Brått handla eg, og det hende.
4For eg veit at du er hard, med sener av jern i nakken og panne av bronse.
5Difor har eg fortalt det frå før, late deg få høyra det før det hende, så du ikkje skulle seia: «Gudebiletet mitt har gjort det, biletet eg har skore ut og støypt, har kravd det.»
6Du har høyrt det, sjå no alt saman! Kan ikkje de fortelja det? Frå no av lèt eg deg få høyra noko nytt, løynde ting som du ikkje veit om.
7No blir dei skapte, ikkje før. Du har ikkje høyrt om dei før i dag, så du ikkje skulle seia: «Sjå, eg visste det!»
8Du korkje høyrde eller visste det frå før, øyret ditt var ikkje ope for det. For eg veit kor trulaus du er, frå du var i mors liv vart du kalla ein syndar.
9For mitt namn skuld held eg att harmen min, for mi ære skuld legg eg band på meg og utryddar deg ikkje.
10Sjå, eg har reinsa deg, men ikkje som sølv, eg har prøvd deg i lidings smelteomn.
11For mi skuld, for mi skuld handlar eg, elles ville eg bli vanæra! Mi ære gjev eg ikkje til nokon annan.
12Høyr på meg, Jakob, du Israel, som eg har kalla! Eg er Han. Eg er den første, eg er òg den siste.
13Ja, mi hand har grunnlagt jorda, mi høgre hand har breidd himmelen ut. Eg kalla dei fram, og saman stod dei der.
14Kom saman, alle, og høyr! Kven blant dei har fortalt dette? Han som HERREN elskar, skal utføra hans vilje med Babel, hans arm er over kaldearane.
15Eg, eg har tala og kalla han, eg har sendt han og lèt han lukkast på vegen.
16Kom hit til meg og høyr dette: Frå opphavs tid har eg aldri tala i det løynde, heilt frå det hende, var eg der. «No har Herren GUD sendt meg og sin Ande.»
17Så seier HERREN, som løyser deg ut, Israels Heilage: Eg er HERREN, din Gud, som lærer deg kva som hjelper, og fører deg på vegen du skal gå.
18Ville du berre høyra på mine bod! Då vart freden din som elva, rettferda di som havsens bølgjer.
19Då vart ætta di som sanden, etterkomarane dine som sandkorn, dei vart ikkje utrydda og namnet ikkje utsletta hos meg.
20Dra ut frå Babel, dra bort frå Kaldea! Fortel med jubelrop, lat det høyrast, bring det ut til enden av jorda. Sei: HERREN har løyst ut sin tenar Jakob.
21Dei tørsta ikkje når han førte dei på aude stader, vatn frå berget lèt han strøyma fram for dei, han kløyvde fjellet, og vatnet fløymde ut.
22Dei urettferdige har ingen fred, seier HERREN.