Isaiah 47NO2011NN

1Stig ned, jomfru, set deg i støvet, dotter Babel! Set deg på bakken utan trone, du kaldear-dotter. For du skal ikkje lenger kallast den fine og bortskjemde.

2Ta handkverna og mal mjøl! Ta sløret bort, lyft slepet opp, blott låra, vad over elvar!

3Dei skal blotta den nakne kroppen din, di vanære skal bli synleg. Eg tek hemn og skånar ingen.

4Han som løyser oss ut, HERREN over hærskarane er hans namn, Israels heilage.

5Sit i stille, gå inn i mørkret, du kaldear-dotter! For du skal ikkje lenger kallast dronning over kongerike.

6Eg vart harm på mitt folk og vanæra eigedomen min. Eg overgav dei i dine hender. Du hadde ikkje miskunn med dei. På den gamle la du ditt tunge åk.

7Du sa: «For all tid skal eg vera evig dronning.» Du tenkte ikkje over korleis dette skulle enda.

8Og no, høyr dette, du som lever i overflod, som sit så trygg, som seier i hjartet ditt: «Eg og ingen annan! Eg skal ikkje sitja som enkje eller mista born.»

9Men begge delar skal koma over deg, brått, på ein einaste dag. Barnløyse og enkjestand skal koma over deg i fullt mål trass i dei mange trolldomskunstene dine og den kraftige maninga di.

10Du var trygg i vondskapen din. Du sa: «Ingen ser meg.» Din visdom og kunnskap førte deg vill, så du sa i hjartet: «Eg og ingen annan!»

11Det vonde skal koma over deg, det kan du ikkje trylla bort. Ulukke skal falla over deg, du kan ikkje sona deg frå henne. Brått kjem øydelegginga over deg, du veit ikkje om henne.

12Kom no med di maning og alle trolldomskunstene dine som du har slite med frå du var ung. Kanskje kan du få hjelp, kanskje kan du skremma ulukka bort?

13Du er trøytt av mange slags råd. No får dei koma og frelsa deg, dei som deler inn himmelen, granskar stjernene og månad for månad varslar kva som skal henda deg.

14Sjå, dei blir som halm, elden brenner dei opp. Dei kan ikkje berga livet frå logane. Dette er ikkje glør til å verma seg ved, bål til å sitja framføre!

15Slik går det med trollmennene som du har slite for frå du var ung. Dei vinglar kvar til sin kant, det er ingen som frelser deg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 47.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.