Isaiah 46NO2011NN

1Bel kneler, og Nebo fell, bileta de bar på, blir lyfte opp og lasta på trøytte dyr og fe.

2Dei fell og kneler, alle saman. Dei kan ikkje berga lasta, og sjølve må dei gå i fangenskap.

3Høyr på meg, du Jakobs hus, alt som er att av Israels hus, de som vart lyfte opp heilt frå fødselen, og som vart borne heilt frå mors liv:

4Eg er Han, heilt til de blir gamle, eg vil bera heilt til håret er grått. Eg har alt gjort det. Eg lyfter, eg ber og bergar.

5Kven vil de samanlikna meg med, kven er eg lik? Kva likning vil de bruka for å samanlikna oss?

6Dei auser ut gull frå pungen og veg opp sølv på vekt. Dei leiger ein gullsmed som lagar ein gud, så bøyer dei seg ned og tilbed han.

7Dei tek han på skuldra, ber han med seg og set han på plass. Der står han og rører seg ikkje frå plassen. Ropar ein til han, svarar han ikkje, han kan ikkje frelsa frå naud.

8Hugs dette med sorg, ta det til dykk, de syndarar!

9Hugs dei første ting frå gammal tid! For eg er Gud, og ingen annan, eg er Gud, ingen er lik meg.

10Frå opphavet fortel eg slutten, på førehand fortel eg det som ikkje har hendt. Eg seier: «Min plan står fast, alt eg vil, det gjer eg.»

11Frå aust kallar eg ein rovfugl, frå eit land langt borte ein mann for min plan. Det eg har sagt, lèt eg skje, Det eg har tenkt, det gjer eg.

12Høyr på meg, de motlause hjarte, de som er langt frå rettferd!

13Eg lèt mi rettferd koma nær, ho er ikkje langt borte, mi frelse er ikkje for sein. Eg gjev frelse på Sion, til Israel gjev eg min herlegdom.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 46.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.