1Kom og høyr, de folkeslag, lytt, de folk! Jorda og alt som fyller henne, skal høyra, verda og alt som spirer der!
2For HERREN er harm på alle folk, han er vreid på heile deira hær. Han har slege dei med bann og gjeve dei over til slakting.
3Dei drepne blir slengde til sides, stank stig frå lika, og blod flyt på fjella.
4Oppløyst blir heile himmelhæren, som ein bokrull blir himmelen rulla saman. Heile hans hær skal visna som lauvet på vinstokken visnar og frukta på fikentreet skrumpar inn.
5For sverdet mitt har drukke seg utørst i himmelen, no fer det ned over Edom til dom over folket eg slår med bann.
6HERREN har eit sverd fullt av blod, det dryp av feitt, av blod frå lam og bukkar, av nyrefeitt frå vêrar. Det er offerslakting for HERREN i Bosra, stor nedslakting i Edom.
7Saman med dei skal villoksar falla, unge stutar og sterke oksar. Jorda skal drikka seg utørst av blod og støvet gjødslast med feitt.
8Det er hemnens dag for HERREN, året for gjengjeld i striden om Sion.
9Elvane skal bli til bek og støvet til svovel, landet blir til brennande bek.
10Korkje dag eller natt skal det slokna, evig skal røyken stiga. Frå slekt til slekt skal det liggja øyde, evig og aldri skal nokon kryssa det.
11Pelikan og hegre skal eiga det, ugle og ramn skal bu i det. Målesnor og lodd skal strekkjast over det, landet skal bli audt og tomt.
12Det finst ikkje stormenn der som kan utropa ein konge, det er ute med alle leiarar.
13I slotta veks det tornekratt, nesler og tistlar i borgene. Landet blir buplass for sjakalar, tilhaldsstad for strutsar.
14Hyenar og ørkendyr møtest, bukkar kallar på kvarandre. Lilit slår seg òg til ro der og finn seg ein kvilestad.
15Små ugler byggjer reir og legg sine egg der, rugar og klekkjer dei ut i skuggen. Falkane samlast der med kvarandre.
16Sjå etter i HERRENS bok og les! Ikkje éin av desse skal mangla, ingen skal leita etter dei andre. For HERRENS munn har gjeve påbodet, det er hans Ande som samlar dei,
17og det er han som har kasta lodd for dei. Med målesnor i handa deler han landet mellom dei. Dei skal ta det i eige til evig tid og bu der frå slekt til slekt.