Isaiah 35NO2011NN

1Ørken og tørt land skal gleda seg, øydemarka skal jubla og bløma, som lilja

2skal ho bløma og jubla, ja, ropa av fryd. Libanons herlegdom har ho fått, Karmels og Sarons glans. Dei skal få sjå HERRENS herlegdom, glansen frå vår Gud.

3Styrk dei slappe hender, gjer dei ustøe knea sterke!

4Sei til dei urolege hjarta: Ver sterke, ikkje redde! Sjå, dykkar Gud! Han kjem med hemn, med gjengjeld frå Gud. Sjølv kjem han og frelser dykk.

5Då skal blinde auge opnast og dauve øyre latast opp.

6Då skal den lamme springa som ein hjort, og tunga til den stumme skal jubla. For vatn bryt fram i ørkenen og bekker i øydemarka.

7Glødande sand blir til innsjø, det tørste land til kjelder med vatn. Sjakalars buplass blir ein kvilestad der graset gror mellom røyr og siv.

8Og der skal det vera ein veg, Den heilage vegen skal han kallast. På den skal ingen urein ferdast. Han skal vera der for dei. Ingen som går på vegen, sjølv ikkje dårar, skal gå seg vill.

9Men der skal det ikkje vera noka løve, rovdyr skal ikkje gå på han, dei skal ikkje finnast meir. Men dei som er løyste ut, skal gå der,

10dei som HERREN har fria ut, skal venda attende. Dei kjem til Sion med jubel, med evig glede om si panne. Fryd og glede grip dei, sorg og sukk må flykta.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 35.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.