Isaiah 14NO2011NN

1Men HERREN skal miskunna seg over Jakob og atter velja ut Israel og la dei få bu i landet sitt. Framande skal slutta seg til dei og halda seg til Jakobs hus.

2Folkeslag skal ta dei og føra dei heim, og i HERRENS land skal Israels hus gjera dei til sin eigedom, til slavar og slavekvinner. Fangevaktarane skal bli fangane deira, og dei skal herska over undertrykkjarane sine.

3Den dagen HERREN lèt deg kvila frå strevet ditt og uroa di og frå det harde slavearbeidet som vart lagt på deg,

4skal du syngja denne spottevisa om kongen av Babel: Det er ute med undertrykkjaren, ute med tyranniet.

5HERREN har knekt staven til dei lovlause, septeret til herskarane,

6det som slo folkeslag i harme, slo utan stans, som herska over folk i vreide, forfølgde utan nåde.

7Heile jorda kviler i ro, folk bryt ut i jubel.

8Sjølv sypressane og sedrane på Libanon gleder seg for di skuld: «Etter at du fall, kjem ingen opp og feller oss.»

9Dødsriket der nede rister når du kjem. For di skuld vekkjer det daudingane, alle som herska på jorda, og får kongane over alle folkeslag til å reisa seg frå sine troner.

10Alle tek dei til ords og seier til deg: «Så er du òg vorten svak, du er vorten som ein av oss.»

11Du som var så stolt, er støytt ned til dødsriket med klangen av dine harper. Ei seng av ormar er reidd opp for deg, og makk skal vera ditt teppe.

12Du har falle frå himmelen, du morgonstjerne, son til morgonròden! Du er slengd til jorda, du som sigra over folkeslag.

13Det var du som sa i ditt hjarte: «Til himmelen vil eg stiga opp, høgare enn Guds stjerner reiser eg mi trone. Eg tek plass der gudar samlast, på fjellet lengst i nord.

14Eg vil stiga opp på haugen av skyer og gjera meg lik Den høgste.»

15Men til dødsriket er du støytt ned, lengst ned i den djupaste hòla.

16Dei som ser deg, stirer på deg, ser grundig på deg: «Er dette den mannen som fekk jorda til å rista og kongerika til å skjelva,

17som gjorde verda til ein ørken og la byane i grus, som aldri lét fangar venda heim?»

18Alle kongane over folka kviler med heider, kvar i sitt hus.

19Men du er slengd bort og utan grav, ei vraka spire, dekt av drepne som er gjennombora av sverd og kasta ned i steinhòla som eit nedtrakka lik.

20Du får ikkje koma i grav slik som dei, for landet ditt har du øydelagt, folket ditt har du slege i hel. Den slekta som handlar vondt, skal aldri meir nemnast.

21Gjer slaktebenken klar til borna på grunn av synda til fedrane! Dei skal ikkje stå opp og erobra jorda og fylla verda med byar.

22Eg vil stå opp mot dei, seier HERREN over hærskarane. Eg vil utsletta Babels namn og rest, både born og etterkomarar, seier HERREN.

23Eg skal gjera byen til ein sump der hegrar held til. Eg skal feia han bort med ein kost som legg øyde, seier HERREN over hærskarane.

24HERREN over hærskarane har svore: Sanneleg, som eg har tenkt, skal det bli, og det eg har fastsett, skal skje.

25Eg vil knusa Assur i landet mitt og trakka han ned på fjella mine. Åket hans skal takast frå dei og børa takast bort frå skuldra deira.

26Dette er planen som er lagd for heile jorda, og dette er handa som er strekt ut mot alle folkeslag.

27Når HERREN over hærskarane har ein plan, kven kan hindra den? Når handa hans er strekt ut, kven kan venda henne bort?

28I det året kong Ahas døydde, kom denne bodskapen:

29Gled deg ikkje, du Filistarland, over at staven som slo deg, er knekt. For av røtene til slangen kjem ein giftig orm, og frukta blir ein flygande seraf.

30Svake skal beita på enga mi, trygt skal fattige slå seg ned. Men eg skal drepa rota di med svolt, og resten din skal bli slegen i hel.

31Hyl, du port, og skrik, du by, skjelv, heile du Filistarland! For det kjem ein røyk frå nord, og ingen bryt ut av fiendens rekkjer.

32Kva svar skal sendeboda frå folka få? At HERREN har grunnlagt Sion, og der skal dei hjelpelause i folket hans finna ly.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.