Isaiah 13NO2011NN

1Ein bodskap om Babel som Jesaja, son til Amos, fekk sjå:

2Lyft banneret på snaue fjellet, rop høgt til dei, vink med handa så dei kan dra inn gjennom storfolks portar.

3Eg har sjølv kalla inn mine heilage krigarar som skal tena min vreide, eg har samla mine krigsmenn, dei som jublar over mitt velde.

4Høyr ståket på fjella som frå eit stort folk! Høyr larmen av kongerike, folkeslag som samlar seg! HERREN over hærskarane mønstrar ein hær til strid.

5Frå eit land langt borte, der himmelen endar, kjem HERREN og den reiskapen han bruker i sin harme for å øydeleggja heile jorda.

6Klag, for HERRENS dag er nær. Som vald frå Den veldige kjem han.

7Difor blir alle hender slappe, kvart menneskehjarte smeltar bort.

8Dei blir slegne av skrekk, dei blir gripne av krampe og smerte, dei får rier lik ei kvinne som skal føda. I redsle stirer dei på kvarandre, andleta er som eld.

9Sjå, HERRENS dag kjem med gru og harme og brennande vreide for å leggja jorda aud og utrydda syndarane der.

10For stjernene på himmelen og stjernebileta lèt ikkje lyset skina, mørk er sola når ho står opp, og månen gjev ikkje lys.

11Eg krev jorda til rekneskap for vondskapen og dei lovlause for deira synd. Eg gjer ende på dei stolte og frekke og slår ned hovmodige valdsmenn.

12Eg gjer menneske meir sjeldne enn reint gull og folk meir sjeldne enn Ofir-gull.

13Difor får eg himmelen til å skjelva, og jorda blir rist ut av lage fordi HERREN over hærskarane er harm, det er dagen for hans brennande vreide.

14Lik jaga gasellar og sauer som ingen sankar, skal kvar og ein venda seg til sitt eige folk og kvar og ein flykta til sitt eige land.

15Alle som blir funne, skal stikkast ned, og alle som blir gripne, skal falla for sverd.

16Dei små borna skal knusast framfor auga på dei, husa skal plyndrast og kvinnene bli valdtekne.

17Sjå, mot dei hissar eg medarane, dei bryr seg ikkje om sølv og har ikkje lyst på gull.

18Bogane deira feller unge gutar, dei viser ikkje nåde mot frukta i mors liv, auga har ikkje medynk med born.

19Med Babel, det herlegaste kongeriket, kaldearens stolte pryd, skal det gå som då Gud øydela Sodoma og Gomorra.

20Aldri meir skal nokon slå seg ned der, frå slekt til slekt skal ingen bu der. Ingen ørkenbuar skal slå opp telt der og ingen gjetar la dyra kvila der.

21Men ørkendyr skal kvila der og husa fyllast av ugler. Der skal strutsar bu, og der skal bukkar dansa.

22Hyenar skal ula i borgene og sjakalar i lystslotta. Babels time nærmar seg, hennar dagar blir ikkje mange.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.