Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Isaiah 12

:
Norwegian - NO2011NN
1 Den dagen skal du seia: Eg takkar deg, HERRE! For du var harm meg, men harmen snudde, og du trøysta meg.
2 Sjå, Gud er mi frelse, eg er trygg og fryktar ikkje. For HERREN er min styrke og min song, og han har vorte mi frelse.
3 Med glede skal de ausa vatn or kjeldene til frelse.
4 Den dagen skal de seia: Lovpris HERREN, kall hans namn! Gjer gjerningane hans kjende mellom folka, forkynn at hans namn er opphøgt!
5 Syng for HERREN, for han har gjort storverk, gjer dette kjent over heile jorda!
6 Rop høgt i jubel, de som bur Sion! For Israels Heilage er stor, han er midt iblant dykk.