1Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter.
2HERRENS ande skal kvila over han, ein Ande med visdom og forstand, ein Ande med råd og styrke, ein Ande som gjev kunnskap og frykt for HERREN.
3Han skal ha si glede i frykta for HERREN. Han skal ikkje dømma etter kva auga ser, og ikkje skifta rett etter kva øyra høyrer.
4Han skal dømma fattige rettferdig, i rettferd skal han skifta rett for dei hjelpelause i landet. Han skal slå landet med riset i sin munn og drepa dei urettferdige med pusten frå sine lepper.
5Rettferd skal vera beltet om livet og truskap beltet om hoftene hans.
6Då skal ulven bu saman med lammet og leoparden leggja seg hos kjeet. Kalv og ungløve skal beita saman medan ein smågut gjeter dei.
7Ku og bjørn skal beita, ungane deira leggja seg saman, og løva skal eta halm som oksen.
8Spedbarnet skal leika attmed hòla til slangen og barnet strekkja handa ut mot ormebolet.
9Ingen skal skada eller øydeleggja noko på heile mitt heilage fjell. For landet er fylt av kjennskap til HERREN slik vatnet dekkjer havsens botn.
10Den dagen skal Isais rotskot stå som eit banner for folka. Folkeslaga skal søkja han, og hans bustad skal vera herleg.
11Den dagen skal Herren for andre gong rekkja ut si hand og kjøpa fri resten av folket sitt, dei som er att frå Assur, Egypt, Patros, Kusj, Elam, Sinear, Hamat og frå kystlanda.
12Han skal lyfta eit banner for folka, samla dei fordrivne av Israel og føra saman dei spreidde av Juda frå verdsens fire hjørne.
13Då skal Efraims misunning forsvinna og Judas fiendskap ryddast ut. Efraim skal ikkje misunna Juda og Juda ikkje vera fiendtleg mot Efraim.
14Dei skal slå ned på skuldra til filistrane i vest, saman skal dei plyndra folka i aust. Dei skal leggja hand på Edom og Moab, ammonittane må lyda dei.
15Då skal HERREN tørka ut havbukta ved Egypt og svinga handa over Storelva. Med ein sterk storm skal han kløyva elva i sju bekkefar så ein kan gå tørrskodd over.
16Og det skal vera ein veg for den resten som er att av Herrens folk frå Assur, slik det var for israelittane den dagen dei drog opp frå Egypt.