Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Isaiah 15

:
Norwegian - NO2011NN
1 Bodskap om Moab. I ei natt av vald gjekk Ar-Moab til grunne. I ei natt av vald gjekk Kir-Moab til grunne.
2 Dei går opp til tempelet, Dibon går til offerhaugane for å gråta. Moab sørgjer over Nebo og Medeba. Kvart hovud er snauklipt, alt skjegg er raka av.
3 I gatene går dei kledde i sekkestrie, tak og torg sørgjer alle, tårene renn.
4 Hesjbon og Elale klagar, skrika høyrest heilt til Jahas. Difor ropar Moabs krigarar, dei skjelv og mistar motet.
5 Hjartet mitt klagar over Moab. Dei flyktar til Soar og Eglat-Sjelisjia, gråtande går dei opp bakkane til Luhit, vegen til Horonajim klagar dei høgt over samanbrotet.
6 For Nimrim-vatnet blir til ørkenland, graset tørkar bort, enga visnar, det finst ikkje noko som er grønt.
7 Difor tek dei det som er att, det dei har teke vare på, og ber det over Arabim-bekken.
8 Ja, klageropet går rundt om i Moab-landet, skriket når til Eglajim, skriket når til Beer-Elim.
9 For vatnet i Dimon er fullt av blod, og endå sender eg meir mot Dimon: løver mot dei som slapp unna frå Moab, og mot dei som er att i landet.