Hosea 9NO2011NN

1Gled deg ikkje, Israel! Jubla ikkje som folkeslaga! For du har hora deg bort frå din Gud. Du tok gjerne imot betaling på alle korntreskjeplassar.

2Treskjeplass og vinpresse skal ikkje fø dei, den nye vinen skal svikta dei.

3Dei skal ikkje få bu i HERRENS land. Efraim skal attende til Egypt, og i Assur skal dei eta urein mat.

4Dei skal ikkje ofra vin til HERREN, slaktoffera deira kan ikkje gleda han. Det skal vera som sørgjebrød for dei, alle som et det, blir ureine. For brødet sitt har dei for seg sjølve, det kjem ikkje til HERRENS hus.

5Kva vil de gjera på høgtidsdagen, på HERRENS festdag?

6Sjå, dreg dei bort frå øydelegginga, skal Egypt samla dei saman, Memfis gravleggja dei. Nesler skal løyna deira skattar av sølv, tornekratt skal veksa i telta deira.

7Dagane for straff er komne, dagane for gjengjelding er komne, det skal Israel få merka. «Profeten er ein dåre, åndsmannen er utan vit!» Ja, fordi di skuld er så stor og din fiendskap så sterk!

8Profeten er Efraims vaktar, saman med min Gud, men snarer er det på alle vegane hans, fiendskap i huset til hans Gud.

9Dei har vorte like djupt forderva som i Gibeas dagar. Han skal hugsa skulda deira og straffa syndene deira.

10Eg fann Israel som druer i ørkenen, eg såg fedrane dykkar som tidleg frukt på fikentreet. Men då dei kom til Baal-Peor, vigde dei seg til skamma og vart like motbydelege som han dei elska.

11Efraims herlegdom flyg bort som ein fugl. Ingen føder, ingen er gravide, og ingen blir med barn.

12Jamvel om dei fostrar born, skal eg ta frå dei kvart einaste eitt. Ja, ve dei når eg går bort frå dei!

13Efraim er planta i ei eng, det er som eg såg bort til Tyros. Men Efraim må føra sine born ut til han som drep.

14Gjev dei, HERRE! Kva skal du gje? Gjev dei morsliv som mistar barnet, og bryst som tørkar inn.

15All deira vondskap viste seg i Gilgal, der la eg dei for hat. Fordi dei har gjort så mykje vondt, vil eg driva dei ut av mitt hus. Eg kan ikkje elska dei lenger, alle førarane deira er opprørarar.

16Efraim er slegen, rota deira har vorte tørr, dei skal ikkje lenger bera frukt. Og sjølv om dei føder, vil eg drepa deira dyre livsfrukt.

17Min Gud skal forkasta dei fordi dei ikkje har høyrt på han. Dei skal flakka omkring mellom folka.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hosea 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.