1Israel var ein frodig vinstokk som bar mykje frukt. Jo meir frukt, dess fleire altar. Jo betre land, dess betre steinstøtter.
2Sleipt er hjartet deira, no må dei ta på seg skulda. Han skal bryta ned altara deira og slå sund steinstøttene.
3No må dei seia: «Vi har ingen konge, for vi har ikkje frykta HERREN. Og kongen, kva kan han gjera for oss?»
4Dei har tala tomme ord, svore falskt og gjort pakter. Retten blømer som giftplanter i plogfòrene.
5Dei som bur i Samaria, er redde kalven i Bet-Aven. Folket hans sørgjer over han, og avgudsprestane klagar, for hans herlegdom er bortført.
6Han skal òg førast til Assur som gåve til storkongen. Skam skal Efraim få, Israel skal bli til skamme på grunn av planane sine.
7Samaria skal gå til grunne, kongen skal bli som ein kvist på vatnet.
8Avens offerhaugar skal utslettast, Israels synd. Torn og tistel skal veksa opp over altara deira. Dei skal seia til fjella: Løyn oss! og til haugane: Fall over oss!
9Frå Gibeas dagar har du synda, Israel. Der har dei vorte ståande. Skulle ikkje krigen nå dei i Gibea? Eg vil koma over ugjerningsmennene
10for å tukta dei. Folkeslag skal samla seg mot dei når dei blir tukta for si doble skuld.
11Efraim var ei tamd kvige som gjerne ville treskja, og eg sparte den vakre nakken hennar. No vil eg spenna Efraim for, Juda skal pløya og Jakob harva.
12Så med rettferd, haust med kjærleik, bryt dykk nybrot! For no er det tid for å søkja HERREN, inntil han kjem og lèt rettferd regna over dykk.
13De har pløgd ned urett og hausta vondskap og ete frukta av løgn. For du stola på din eigen veg og på alle krigarane dine.
14Difor skal krigslarm reisa seg i folket ditt, og alle borgene dine skal øydeleggjast, slik Sjalman øydela Bet-Arbel på stridens dag, då mor og born vart knuste.
15Slik vil eg gjera med dykk i Betel fordi vondskapen dykkar er stor. Når dagen gryr, er det ute med Israels konge.