Hosea 11NO2011NN

1Då Israel var ung, fekk eg han kjær, frå Egypt kalla eg son min.

2Men jo meir eg ropa på dei, dess meir gjekk dei bort frå meg. Dei ofra til Baal-gudane, tende offereld for gudebilete.

3Det var eg som lærte Efraim å gå og tok dei på armen. Men dei skjøna ikkje at eg gjorde dei friske.

4Eg drog dei med menneskeband, med kjærleiks tau. Eg var lik ein som lyfter eit spedbarn opp til kinnet, eg bøygde meg ned og gav dei mat.

5Dei skal ikkje venda attende til Egypt, men Assur skal vera kongen deira, for dei nekta å venda om.

6Sverdet skal rasa i byane deira, bryta sund bommane og eta om seg for deira planar skuld.

7Folket mitt heng fast ved sitt fråfall frå meg. Dei ropar saman til han som er i det høge, men han reiser dei ikkje opp.

8Korleis kan eg oppgje deg, Efraim, overgje deg, Israel? Korleis kan eg oppgje deg som Adma, gjera med deg som med Sebojim? Hjartet vender seg i meg, all mi medkjensle vaknar.

9Eg vil ikkje følgja min brennande vreide, ikkje øydeleggja Efraim ein gong til. For eg er Gud og ikkje eit menneske, heilag midt imellom dykk. Eg vil ikkje koma med redsle.

10HERREN skal dei følgja, som ei løve skal han brøla. Når han brøler, skal borna hans koma skjelvande frå vest.

11Skjelvande skal dei koma som ein fugl frå Egypt, som ei due frå Assur. Eg vil la dei bu i husa sine, seier HERREN.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hosea 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.