1Efraim har omringa meg med løgn, Israels hus med svik. Men Juda held seg enno til Gud og er trufast mot Den heilage.
2Efraim gjeter vind, jagar heile dagen etter austavind. Han hopar opp løgn og vald. Dei gjer pakt med Assur og sender olje til Egypt.
3HERREN fører sak med Juda, han vil straffa Jakob for hans ferd, gjengjelda det han har gjort.
4I mors liv heldt han bror sin i hælen, som vaksen kjempa han med Gud,
5han kjempa med engelen og vann, han gret og bad om nåde. I Betel møter Gud han, og der talar han med oss.
6HERREN, allhærs Gud, HERREN er hans namn.
7Og du skal venda attende ved hjelp av din Gud. Hald fast på kjærleik og rett, ha alltid von til din Gud!
8Kanaan har falske vekter i handa, han elskar å utnytta andre,
9og Efraim seier: «Eg har då vorte rik og har fått meg eigedom, men i all rikdomen min er eg ikkje funnen skuldig i noko som er synd.»
10Men eg er HERREN din Gud, heilt frå Egypt. Enno vil eg la deg bu i telt som den gongen eg møtte deg.
11Eg vil tala til profetane. Eg lét dei få syn i mengd, og no vil eg tala i likningar gjennom dei.
12Er Gilead ugudeleg, skal dei bli til inkjes. Ofrar dei oksar i Gilgal, skal altara deira bli som steinrøysar langs åkeren.
13Jakob rømde til Aram-landet, Israel tente for å få seg ei kone, for ei kone vakta han småfe.
14Ved ein profet førte HERREN Israel opp frå Egypt, og ved ein profet vakta han dei.
15Efraim har vekt bitter harme. HERREN skal la hans blodskuld koma over han sjølv og gje han att for hans spott.