Hosea 13NO2011NN

1Når Efraim tala, tok redsla alle, han var ein fyrste i Israel. Men han førte skuld over seg ved Baal og døydde.

2Og no held dei fram med å synda; av sølvet sitt har dei støypt seg bilete, gudebilete etter sitt eige hovud, alt saman laga av handverkarar. Folk seier om dei: «Dei som ofrar menneske, kysser kalvar.»

3Difor skal dei bli som morgondisen, lik dogg som tidleg blir borte, lik agner som blæs bort frå treskjeplassen, lik røyk frå ljoren.

4Eg er HERREN din Gud, heilt frå Egypt. Nokon annan gud enn meg kjenner du ikkje, det finst ingen annan frelsar enn eg.

5Eg tok meg av deg i ørkenen, i det tørre landet.

6Dei beitte og vart mette. Då dei var mette, vart dei hovmodige, difor gløymde dei meg.

7Eg har vorte mot dei som ei løve, lik ein leopard lurer eg ved vegen.

8Eg vil koma over dei som ei binne dei har teke ungane frå, og riva opp brystet på dei. Eg vil eta dei opp som ei løve; dei ville dyra skal slita dei sund.

9Når øydelegginga kjem, Israel, kven skal hjelpa deg då?

10Kvar er då kongen din som kan berga deg i alle byane dine, og kvar er dommarane dine? Du har jo sagt: «Gjev meg konge og hovdingar!»

11Eg gjev deg ein konge i min vreide, og i min harme tek eg han bort.

12Efraims skuld er samla opp, synda hans er gøymd.

13Når fødselsriene kjem, er han eit barn utan forstand. Når tida er der, kjem han ikkje fram til livmormunnen.

14Skal eg fria dei frå dødsrikets makt, løysa dei ut frå døden? Død, kvar er din pest? Dødsrike, kvar er di sott? Medkjensle er løynd for auga mine.

15Ja, han skil brør frå kvarandre. Det kjem ein austavind, eit HERRENS vêr som blæs opp frå ørkenen. Då blir brønnen hans tom og kjelda tørr. Han plyndrar skattkammeret for alle dyre ting.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hosea 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.