Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Hosea 14

:
Norwegian - NO2011NN
1 Samaria skal bøta fordi ho var trassig mot sin Gud. Dei skal falla for sverd, småborna deira skal knusast, og kvinnene som ventar barn, skal skjerast opp.
2 Vend om, Israel, til HERREN din Gud, for du har snubla i di skuld.
3 Ta ord med dykk og vend om til HERREN, sei til han: «Tilgjev all skuld og ta imot det gode, vil vi betala med frukta av leppene våre.
4 Assur vil ikkje hjelpa oss, vi skal ikkje ri hestar, og vi vil ikkje lenger seia: Vår gud! til det våre hender har gjort. Hos deg finn den farlause miskunn.»
5 Eg vil lækja deira fråfall, og eg vil elska dei av hjartet, for min vreide har vendt seg frå dei.
6 Eg vil vera som dogg for Israel. Han skal bløma som ei lilje og røta seg som trea Libanon
7 og breia greinene sine utover. Han skal vera fager som oliventreet og anga som skogen Libanon.
8 Igjen skal dei bu i hans skugge, dei skal dyrka korn og bløma som vinstokken. Hans namn skal bli som vinen frå Libanon.
9 Kva har vel Efraim med gudebilete å gjera? Det er eg som svarar han og ser til han. Eg er som ein grøn sypress, frå meg skal frukta di koma.
10 Kven er vis at han forstår dette, forstandig nok til å skjøna det? Ja, HERRENS vegar er rette, dei rettferdige vandrar dei, men syndarane snublar.