1Hornet til munnen! Som ei ørn over HERRENS hus! For dei har brote mi pakt og synda mot mi lov.
2Dei ropar til meg: «Min Gud! Vi, Israel, kjenner deg!»
3Men Israel har forkasta det gode, fienden skal forfølgja dei.
4Dei valde seg kongar som ikkje er frå meg, valde seg hovdingar eg ikkje kjennest ved. Av sølvet og gullet sitt laga dei seg gudebilete. Difor skal dei utryddast.
5Kast ut kalven din, Samaria! Vreiden min logar mot dei. Kor lenge skal det vara før dei kan bli reine?
6Dei er då frå Israel! Men han er laga av ein handverkar, og nokon gud er han ikkje, sanneleg, til splintar skal han bli, Samaria-kalven!
7For vind sår dei, og storm skal dei hausta. Kornet skyt ikkje aks og gjev dei ikkje mjøl, og gjev det mjøl, et framande det opp.
8Israel er oppeten, no er dei lik eit kar som ingen bryr seg om mellom folka.
9For dei fór bort til Assur lik eit einsleg villesel. Efraim kjøper seg kjærleik.
10Sjølv om dei kjøpslår med folka, vil eg no driva dei saman. Dei skal vri seg ei lita stund under storkongens bør.
11Efraim har laga seg mange altar til syndoffer, altar som har vorte til synd for han.
12Skriv eg mine mange lover, blir dei rekna for noko framandt.
13Som offergåver til meg ofrar dei kjøt og et det. HERREN bryr seg ikkje om dei. No vil han hugsa skulda deira og straffa syndene deira. Dei må attende til Egypt.
14Israel gløymde sin skapar og bygde seg slott, Juda bygde mange festningsbyar. Men eg vil senda eld mot byane hans, han skal eta borgene deira.