1når eg gjer Israel frisk, då blir Efraims skuld avslørt, og Samarias vondskap. Dei fer med svik, tjuven bryt seg inn, røvarane herjar i gata.
2Dei seier ikkje til sitt hjarte at eg hugsar all deira vondskap. Men no er dei ringa inn av sine gjerningar, eg har dei for auge.
3Dei gleder kongen med sin vondskap og stormennene med løgnene sine.
4Alle er dei ekteskapsbrytarar, lik ein omn så heit at bakaren ikkje treng å fyra frå deigen er knadd og til han har heva seg.
5På vår konges dag gjer dei stormenn sjuke av heten frå vinen. Han rekkjer handa til spottarar.
6Hjartet deira liknar ein omn der dei ligg på lur. Heile natta søv harmen deira, om morgonen brenn han som logande eld.
7Alle er dei heite som ein omn, dei et dommarane sine. Alle kongane deira er falne, ingen av dei kallar på meg.
8Efraim blandar seg med folka. Efraim har vorte ein brødleiv som ikkje er snudd.
9Framande har ete krafta hans, men han veit det ikkje. Han er alt overstrødd med grått hår, men han veit det ikkje.
10Israels hovmod vitnar mot han, men dei vender ikkje om til HERREN sin Gud, dei søkjer han likevel ikkje.
11Efraim har vorte som ei due, godtruande og utan forstand. Dei kallar på Egypt, dei dreg til Assur.
12Når dei dreg, kastar eg nettet mitt over dei, eg dreg dei ned som himmelens fuglar, eg fangar dei når eg høyrer flokken deira.
13Ve dei, for dei rømde frå meg! Død over dei, for dei braut med meg! Eg ville løysa dei ut, men dei tala løgn mot meg.
14Dei ropar ikkje til meg av hjartet, men jamrar seg der dei ligg, for korn og ny vin rispar dei seg opp. Dei vender seg bort frå meg.
15Eg lærte dei opp, og eg gav armane deira styrke, men dei tenkte ut vondt mot meg.
16Dei vender om, men ikkje til meg, dei har vorte som ein slakk boge. Stormennene deira skal falla for sverd på grunn av si hatske tunge. Dette fører spott over dei i Egypt.