Hosea 6NO2011NN

1Kom, lat oss venda om til HERREN! For han reiv sund, men vil gjera oss friske, han slo, men vil forbinda oss.

2Han gjer oss levande etter to dagar, den tredje dagen reiser han oss opp, så vi kan leva for hans andlet.

3Lat oss læra å kjenna HERREN, lat oss jaga etter å kjenna han! Sikkert som soloppgangen kjem han, han kjem til oss lik regnet, lik vårregnet som væter jorda.

4Kva skal eg gjera med deg, Efraim? Kva skal eg gjera med deg, Juda? Kjærleiken dykkar er som ei morgonsky, lik dogg som tidleg blir borte.

5Difor har eg hogge dei ned ved profetane, drepe dei med ord frå min munn. Min dom skal gå opp som lyset.

6For eg vil ha kjærleik, ikkje slaktoffer, gudskjennskap framfor brennoffer.

7Dei braut pakta i Adam, der var dei trulause mot meg.

8Gilead er ein forbrytarby, full av blodspor.

9Presteflokken liknar røvarar som ventar på folk, dei myrdar på vegen til Sikem. Ja, skamlaus gjerning har dei gjort.

10I Israels hus har eg sett grufulle ting, der driv Efraim hor, der gjer Israel seg urein.

11Også for deg, Juda, er det fastsett ein haust. Når eg vender lagnaden for mitt folk,

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hosea 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.