Hosea 5NO2011NN

1Høyr dette, de prestar, og lytt, du Israels hus, du kongehus, vend øyret til! Dommen gjeld dykk! For de har vorte ei snare for Mispa, eit utspent nett på Tabor

2og ei djup fallgrav i Sjittim. Men eg vil tukta dei alle.

3Eg kjenner Efraim, og Israel er ikkje løynt for meg. For no har du drive hor, Efraim, Israel har gjort seg urein.

4Gjerningane deira hindrar dei frå å venda om til sin Gud. For dei har ei horeånd i seg, og HERREN kjenner dei ikkje.

5Israels hovmod vitnar mot han. Israel og Efraim skal snubla i si skuld. Juda òg skal snubla med dei.

6Når dei kjem med sitt småfe og storfe for å søkja HERREN, finn dei han ikkje. Han har vendt seg bort frå dei.

7Dei har vore trulause mot HERREN, for dei har fått born som ikkje er hans. No skal nymånen eta opp både dei og det dei eig.

8Lat hornet gjalla i Gibea, blås i trompet i Rama, lyft hærrop i Bet-Aven! Dei er etter deg, Benjamin!

9Efraim skal leggjast øyde den dagen straffa kjem, mellom Israels stammar har eg kunngjort det som står fast.

10Judas stormenn liknar slike som flytter grensesteinar, over dei vil eg ausa ut harmen min som vatn.

11Efraim er undertrykt, retten er knust, for han gav seg til å følgja det som ingenting er.

12Eg er som møll for Efraim, som ròte for Judas hus.

13Og Efraim såg sin sjukdom og Juda sitt sår. Då gjekk Efraim til Assur og sende bod til storkongen. Men han kan ikkje gjera dykk friske og ikkje lækja dykkar sår.

14Sanneleg, eg er som ei løve mot Efraim, som ei ungløve mot Judas hus. Eg, eg riv sund og går min veg, eg sleper bort, og ingen bergar.

15Eg vil venda attende til min stad til dess dei erkjenner si skuld og søkjer mitt andlet. I si naud skal dei leita etter meg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hosea 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.