Hosea 2NO2011NN

1De skal seia til brørne dykkar: «mitt folk» og til systrene dykkar: «du som har fått miskunn».

2Før sak mot mor dykkar, før sak! For ho er ikkje kona mi, og eg er ikkje mannen hennar. Ho skal fjerna kvart horeteikn frå andletet, ta bort kvart utruskapsteikn mellom brysta!

3Elles skal eg kle av henne så ho står der like naken som den dagen ho vart fødd. Eg vil la henne bli som ein ørken, gjera henne lik eit tørt land og la henne døy av tørste.

4Borna hennar vil eg ikkje visa miskunn, for dei er horeborn.

5For mor deira dreiv hor, ho som fødde dei, førte skam over seg sjølv. Ho sa: «Eg vil gå etter elskarane mine, dei som gjev meg brød og vatn, ull og lin, olje og vin.»

6Difor vil eg stengja vegen for henne med tornar. Eg murar ein mur rundt henne så ho ikkje finn stigane sine.

7Når ho spring etter elskarane sine, skal ho ikkje nå dei att, når ho leitar etter dei, skal ho ikkje finna dei. Då skal ho seia: «Eg vil gå tilbake til den første mannen min, for eg hadde det betre då enn no.»

8Ho skjøna ikkje at det var eg som gav henne korn, ny vin og fin olje og mengder av sølv og gull, som dei brukte til Baal.

9Difor vil eg ta att kornet mitt når tida er inne, den nye vinen når tida kjem. Eg vil ta bort ulla mi og linet mitt, som skulle løyna hennar nakne kropp.

10No vil eg visa fram kjønnet hennar for auga på elskarane hennar, og ingen skal berga henne ut av mi hand.

11Eg gjer ende på all hennar glede, festane, nymånedagane og sabbatsdagane, alle høgtidene hennar.

12Eg øydelegg vinstokkane og fikentrea hennar. Om dei har ho sagt: «Dei er betaling eg fekk frå elskarane mine.» Eg gjer dei til krattskog, og villdyr skal eta dei.

13Eg vil straffa henne for dei dagane då ho tende offereld for Baal-gudane, pynta seg med ringar og smykke og gjekk etter elskarane sine, men gløymde meg, seier HERREN.

14Difor vil eg lokka henne, føra henne ut i ørkenen og tala til hjartet hennar.

15Der vil eg gje henne vingardane tilbake, og Akor-dalen skal bli ein port til von. Der skal ho svara som i ungdomsdagane, som då ho drog opp frå Egypt.

16Og den dagen, seier HERREN, skal ho kalla meg «Min mann». Ho skal ikkje lenger kalla meg «Min Baal».

17Eg vil fjerna Baal-namna frå munnen hennar, dei skal ikkje nemnast med namn meir.

18Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med villdyra på marka, fuglane under himmelen og krypet på jorda. Boge, sverd og krigsvåpen vil eg bryta sund og utrydda frå landet, og eg vil la dei bu trygt.

19Eg vil binda meg til deg for alltid. Eg vil binda meg til deg i rettferd og rett, i kjærleik og miskunn.

20Eg vil binda meg til deg i truskap, og du skal kjenna HERREN.

21Den dagen vil eg svara, seier HERREN, eg vil svara himmelen, og han skal svara jorda.

22Jorda skal svara kornet, den nye vinen og den fine oljen, og dei skal svara Jisreel.

23Eg vil så henne ut i landet mitt og miskunna meg over Lo Ruhamá. Til Lo Ammí vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hosea 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.