Hosea 1NO2011NN

1HERRENS ord som kom til Hosea, son til Beeri, i dei dagane då Ussia, Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda, og i dei dagane då Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel.

2HERRENS første ord gjennom Hosea. HERREN sa til Hosea: «Gå og få deg ei horkvinne og horeborn! For landet horar seg bort frå HERREN.»

3Og han gjekk og tok Gomer, Diblajims dotter, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son.

4HERREN sa til han: «Kall han Jisreel! For om ikkje lenge vil eg straffa Jehus hus for blodbadet i Jisreel og gjera ende på kongedømet i Israel.

5Og den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisreel-sletta.»

6Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. HERREN sa til han: «Kall henne Lo Ruhamá, ‘ikkje miskunn’! For eg vil ikkje lenger visa Israels hus miskunn og ikkje tilgje dei.

7Men Judas hus vil eg visa miskunn. Eg vil frelsa dei ved HERREN deira Gud, men eg vil ikkje frelsa dei med boge, sverd og krig, med hestar og ryttarar.»

8Då ho hadde vant av Lo Ruhamá, vart ho med barn att og fekk ein son.

9HERREN sa: «Kall han Lo Ammí, ‘ikkje mitt folk’! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje her for dykk.»

10Israels born skal bli mange som havsens sand og ikkje kunna målast og ikkje teljast. Der det før vart sagt til dei: «De er ikkje mitt folk», skal det seiast: «Den levande Guds born».

11Judas og Israels born skal samla seg og ta seg ein hovding i lag. Dei skal dra opp frå landet. Ja, stor er Jisreels dag.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hosea 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.