Hosea 3NO2011NN

1Og HERREN sa til meg: «Gå endå ein gong bort og elsk ei kvinne som er elskarinna til ein annan og bryt ekteskapet, slik HERREN elskar israelittane, endå dei vender seg til andre gudar og elskar rosinkaker!»

2Så kjøpte eg henne for femten sjekel sølv og ein homer bygg og ein letek bygg.

3Og eg sa til henne: «I mange dagar skal du bu hos meg, utan å driva hor og utan å ha omgang med nokon mann, og heller ikkje eg med deg.»

4For i mange dagar skal israelittane bu utan konge og hovding, utan offer og utan steinstøtte, utan efod og terafar.

5Sidan skal israelittane venda om og søkja HERREN, sin Gud, og David, sin konge. Skjelvande skal dei koma til HERREN og dei gode gåvene hans i dagar som kjem.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hosea 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.