Habakkuk 1NO2011NN

1Bodskapen som profeten Habakkuk fekk sjå.

2Kor lenge, HERRE, skal eg ropa utan at du høyrer, skrika til deg om vald utan at du frelser?

3Kvifor lèt du meg sjå urett? Korleis kan du sjå på ulukke? Herjing og vald like ved meg, det blir strid, det kjem til trette.

4Difor er lova kraftlaus, og retten når aldri ut. For den urettferdige kringset den rettferdige, difor blir retten vrangsnudd.

5Sjå på folkeslaga, sjå dykk om, forvirr dykk sjølve og ver forvirra! For i dykkar dagar gjer eg ei gjerning, de ville ikkje tru det om det vart fortalt!

6Sjå, eg reiser opp kaldearane, det brutale og raske folkeslaget som fer så vidt omkring på jorda og tek bustader som ikkje høyrer dei til.

7Skremmande og fryktelege er dei, deira rett og heider kjem frå dei sjølve.

8Raskare enn leopardar er hestane deira, villare enn ulvar i øydemarka. Ryttarane deira jagar av stad, ryttarane kjem frå det fjerne, dei flyg som ørna på jakt etter føde.

9Alle kjem dei og vil gjera valdsverk, dei rykkjer fram i flokk, dei samlar fangar som sand.

10Dei gjer narr av kongar og gjer fyrstar til lått. Dei ler av kvar festning, kastar opp ein jordvoll og tek henne.

11Så fer dei vidare og blir borte som vinden. Dei fører skuld over seg. Deira styrke er deira gud.

12Er ikkje du frå gammal tid, HERRE, min heilage Gud, du som aldri døyr! HERRE, du har sett dei til å dømma, vårt berg, du har gjeve dei fullmakt til å straffa.

13Auga er for reine til å sjå det vonde, ulukke orkar du ikkje å sjå på. Så korleis kan du sjå på dei trulause og teia når den urettferdige sluker den som er meir rettferdig enn han sjølv?

14Du gjer mennesket lik fisken i havet, lik kryp utan herskar.

15Dei dreg dei alle opp med krok, halar dei inn med not og samlar dei i garnet. Difor gleder dei seg og jublar.

16Difor ofrar dei til nota og tenner offereld for garnet. For frå dei får dei rik fangst og feit mat.

17Skal dei då alltid få tømma nota og utan medkjensle gjera ende på folkeslag?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Habakkuk 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.