1No vil eg stå på vakt, stilla meg på muren og speida og sjå kva han vil seia til meg, kva svar eg får på mitt klagemål.
2HERREN svara meg: Skriv synet tydeleg på tavler så det blir lett å lesa!
3For synet ventar på si fastsette tid, det vitnar om enden, og det lyg ikkje. Om det dryger, så berre vent! For koma skal det, det kjem ikkje for seint!
4Sjå, i han er det ei oppblåsen og uærleg sjel. Men den rettferdige skal leva ved sin truskap.
5Sanneleg, vinen er trulaus. Den stolte skal ikkje nå sitt mål. Som dødsriket spilar han opp gapet, han er umettande som døden. Han samlar alle folkeslag hos seg, sankar saman alle folk.
6Alle desse skal setja i med ei nidvise om han, med spottord og gåter. Dei skal seia: Ve den som skaffar seg rikdom som ikkje er hans — kor lenge? — og gjer seg rik på pantsett gods!
7Långjevarane dine reiser seg brått, dei som får deg til å skjelva, vaknar. Då skal du bli eit rov for dei.
8For du har plyndra mange folkeslag; no skal resten av folka plyndra deg til gjengjeld for menneskeblodet og valden mot landet og byen og alle som bur der.
9Ve den som skaffar seg urett vinning til sitt hus og legg reiret sitt høgt for å berga seg frå vondskaps hand!
10Til skam for ditt hus har du planlagt å gjera ende på mange folk; du set ditt eige liv på spel.
11For steinen i muren skal ropa, og bjelken i treverket skal svara.
12Ve den som byggjer ein by med blod og grunnlegg han med urett!
13Sjå, dette kjem frå HERREN over hærskarane: Det folka strevar for, går opp i logar, folkeslaga slit seg ut til inga nytte.
14Jorda skal fyllast med kunnskap om HERRENS herlegdom slik vatnet dekkjer havsens botn.
15Ve den som skjenkjer sin neste, blandar gift i drikken og gjer han rusa så han kan sjå han naken.
16Du blir mett av skam og ikkje av ære. Så drikk, du òg, og vis at du har forhud! Begeret i HERRENS høgre hand skal koma til deg, og di ære skal gøymast av skam.
17Valden mot Libanon skal koma over deg, mishandlinga av dyra skal ramma deg. Du auste ut menneskeblod, gjorde vald mot landet og byen og alle som bur der.
18Kva hjelper eit gudebilete som ein handverkar har skore ut, eit støypt bilete som gjev falske svar? Men handverkaren lit på sitt eige arbeid og lagar mållause avgudar.
19Ve den som seier: «Vakna!» til ein trestokk, «Stå opp!» til ein mållaus stein. Kva slags svar kan han gje? Visst er han kledd i gull og sølv, men det er ikkje ånd i han.
20HERREN er i sitt heilage tempel; ver stille for han, heile jorda!