Nahum 3NO2011NN

1Ve den blodige byen, full av svik og full av plyndring, aldri manglar han bytte.

2Svepesmell og ramling av hjul, hestar i galopp og slingrande vogner,

3ryttarar går til åtak, blinkande sverd og lynande spyd. Mengder av drepne, haugar av lik, ingen ende på døde kroppar, ein snublar i døde.

4Det er fordi ho har drive hor, den vakre, trollkunnige hora som slavebatt folkeslag med sitt hor og stammar med sin trolldom.

5Sjå, eg kjem mot deg! seier HERREN over hærskarane. Eg lyfter kjolen din over andletet på deg og viser deg naken fram for folkeslag, eg viser skamma di til kongerike.

6Eg kastar skit på deg, vanærar deg og syner deg fram.

7Alle som ser deg, skal flykta og seia: «Ninive er herja, kven har medkjensle med henne?» Kvar skal eg leita etter trøystarar til deg?

8Er du betre enn No-Amon, som låg ved Nilen, med vatn ikring, med havet til voll og vatnet til mur?

9Kusj og Egypt var styrken hennar, ein styrke utan grenser. Put og libyarane gav henne hjelp.

10Ho òg måtte dra i eksil som fange. Borna hennar vart knuste på alle gatehjørne, dei kasta lodd om stormennene, dei mektige vart lagde i lenkjer.

11Du òg skal drikka deg full. Du skal gøyma deg. Du òg skal søkja vern mot fienden.

12Alle festningane dine er som fikentre med tidleg frukt. Blir dei riste, fell det fiken i munnen på den som vil eta.

13Sjå, krigsfolket hos deg er som kvinner. Portane til landet skal stå vidopne for fienden. Eld skal eta bommane dine.

14Hent opp vatn før du blir kringsett, set festningane i stand. Trakk gjørme, stamp leire, ta mursteinsforma fram!

15Der skal elden eta deg, sverdet skal rydda deg ut, det et som grashopper. Bli mange som grashopper, mange som sirissar!

16Handelsmennene dine vart fleire enn stjernene på himmelen. Grashoppa opnar seg og flyg.

17Vaktmennene dine er som sirissar, skrivarane liknar ein grashoppesverm som slår seg ned på steingjerdet når dagen blir kjølig. Sola renn, dei flyg, ingen veit kvar dei er.

18Du konge av Assur, oppsynsmennene dine er trøytte, stormennene legg seg ned. Folket ditt er spreidd over fjella, ingen sankar dei inn.

19Samanbrotet kan ikkje lækjast, du er alvorleg såra. Alle som får høyra om deg, klappar i hendene. For kven har ikkje gong på gong vorte råka av din vondskap?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Nahum 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.