Exodus 30NO2011NN

1Du skal laga eit altar til å brenna røykjelse på. Av akasietre skal du laga det.

2Det skal vera firkanta, ei alen langt, ei alen breitt og to alner høgt. Horna på altaret skal gå i eitt med det.

3Både toppen, sidene og horna skal du kle med reint gull, og du skal laga ein gullkant rundt det.

4Nedanfor kanten på begge sider skal du setja to gullringar. Dei skal vera haldarar for berestengene på kvar side, så altaret kan berast.

5Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull.

6Du skal setja altaret framfor forhenget som gøymer kista med vitnemålet, framfor soningsstaden som ligg over det, der eg vil møta deg.

7Aron skal brenna velluktande røykjelse på det. Kvar morgon når han gjer i stand lampene, skal han brenna røykjelsen.

8Det same skal han gjera i skumringa når han tenner lampene. Det skal vera eit dagleg røykjelsesoffer for HERRENS andlet i slekt etter slekt.

9De skal ikkje ofra uvigsla røykjelse på altaret og ikkje brennoffer eller grødeoffer. De skal heller ikkje hella ut drikkoffer på det.

10Ein gong om året skal Aron gjera soning på altarhorna. Med blodet av det sonande syndofferet skal han gjera soning på altaret, i slekt etter slekt, ein gong om året. Altaret skal vera høgheilagt for HERREN.

11HERREN sa til Moses:

12Når du held manntal over israelittane, skal alle som blir talde, gje HERREN løysepengar for livet sitt, så inga plage skal råka dei når dei blir talde.

13Kvar den som blir tald, skal gje ein halv sjekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sjekel er tjue gera. Denne halve sjekelen skal vera ei offergåve til HERREN.

14Alle som blir talde, og som er over tjue år, skal gje ei offergåve til HERREN.

15Den rike skal ikkje gje meir og den fattige ikkje mindre enn ein halv sjekel når de gjev offergåva til HERREN til soning for livet dykkar.

16Du skal ta imot soningspengane frå israelittane og bruka dei til tenesta i teltheilagdomen. Det skal vera ei påminning om israelittane framfor HERRENS andlet til soning for livet dykkar.

17HERREN sa til Moses:

18Du skal laga eit vaskefat av bronse med understell av bronse. Det skal du setja mellom teltheilagdomen og altaret og fylla med vatn.

19Aron og sønene hans skal vaska hendene og føtene i det.

20Når dei går inn i teltheilagdomen, eller når dei stig fram for altaret for å gjera teneste og brenna gåveoffer for HERREN, skal dei vaska seg i vatnet, så dei ikkje må døy.

21Dei skal vaska hendene og føtene, så dei ikkje må døy. Det skal vera ei evig ordning for dei, for Aron og ætta hans, i slekt etter slekt.

22HERREN sa til Moses:

23Ta krydra balsam av beste slag: 500 sjekel flytande myrra, halvparten så mykje eller 250 sjekel velluktande kanel, 250 sjekel velluktande sukkerrøyr

24og 500 sjekel kassia, alt etter vekta i heilagdomen, og dessutan ein hin olivenolje.

25Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ei velluktande blanding slik ein salveblandar gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera.

26Med den skal du salva teltheilagdomen, kista med vitnemålet,

27bordet med alt som høyrer til, lysestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret,

28brennofferaltaret med alt som høyrer til, og fatet med understell.

29Du skal helga dei så dei blir høgheilage. Kvar den som rører ved dei, blir heilag.

30Og Aron og sønene hans skal du salva. Du skal helga dei til å gjera presteteneste for meg.

31Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje i slekt etter slekt.

32Han må ikkje hellast på kroppen til noko anna menneske, og de må ikkje laga nokon annan salve som er blanda slik. Heilag er han, og heilag skal han vera for dykk.

33Den som lagar ei slik blanding og gjev henne til ein som ikkje er vigd, skal støytast ut frå folket sitt.

34HERREN sa til Moses: Ta deg velluktande røykjelsesstoff, balsamdropar, myrraolje, gummiharpiks og rein virak. Det skal vera like mykje av kvart.

35Av det skal du laga blanda røykjelse, slik ein salveblandar gjer det, salta og rein og heilag.

36Noko av det skal du knusa til pulver og leggja framfor vitnemålet i teltheilagdomen, der eg vil møta deg. Høgheilagt skal det vera for dykk.

37Røykjelse som er slik blanda, må de ikkje laga til dykk sjølve. De skal halda han heilag for HERREN.

38Den som lagar slik røykjelse berre for å nyta lukta, skal støytast ut frå folket sitt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Exodus 30.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.