Exodus 31NO2011NN

1HERREN sa til Moses:

2Eg har valt ut Besalel, son til Uri, son til Hur, frå Juda-stammen.

3Eg har fylt han med Guds ånd, med visdom og innsikt og med kunnskap og dugleik til alle slag handverk,

4så han kan tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv og bronse,

5slipa steinar til innfatningar, skjera ut i tre og gjera alt slag handverksarbeid.

6Til medhjelpar har eg gjeve han Oholiab, son til Ahisamak, frå Dan-stammen. Eg har gjeve visdom i hjartet til alle som har vit, så dei kan laga alt det eg har pålagt deg:

7teltheilagdomen, kista med vitnemålet, soningsloket over henne og alt som høyrer teltet til,

8bordet med det som høyrer til, lysestaken i reint gull med alt som høyrer til, røykjelsesaltaret,

9brennofferaltaret med alt som høyrer til det, vaskefatet med understell,

10prestedrakta, dei heilage kleda for presten Aron og kleda for sønene hans til prestetenesta,

11salvingsoljen og den velluktande røykjelsen til heilagdomen. Dei skal gjera alt slik eg har pålagt deg.

12HERREN sa til Moses:

13Du skal seia til israelittane: Sabbatane mine skal de halda; for sabbaten er eit teikn mellom meg og dykk i slekt etter slekt, slik at de skal kjenna at det er eg, HERREN, som helgar dykk.

14De skal halda sabbaten; han skal vera heilag for dykk. Den som vanhelgar sabbaten, skal døy. Kvar den som gjer noko arbeid på han, skal støytast ut frå folket sitt.

15I seks dagar kan arbeid gjerast, men den sjuande dagen skal vera sabbat, ein heilag kviledag for HERREN. Kvar den som gjer noko arbeid på sabbatsdagen, skal døy.

16Israelittane skal verna om sabbaten, så dei held han i slekt etter slekt som ei evig pakt.

17Han skal vera eit teikn mellom meg og israelittane til evig tid. For på seks dagar skapte HERREN himmelen og jorda, men på den sjuande dagen kvilte han og pusta roleg ut.

18Då Herren var ferdig med å tala til Moses på Sinai-fjellet, gav han Moses dei to vitnemålstavlene, steintavlene som var skrivne med Guds finger.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Exodus 31.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.