Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

Exodus 29

:
Norwegian - NO2011NN
1 Slik skal du gjera med dei når du helgar dei til prestar for meg: Ta ein ung okse og to vêrar utan feil,
2 og usyra brød, runde usyra kaker blanda med olje, og usyra flate brød smurde med olje; dei skal du laga av fint kveitemjøl.
3 Du skal leggja dei i ei korg, og skal du bera dei fram i korga, saman med oksen og dei to vêrane.
4 Aron og sønene hans skal du føra fram til inngangen til teltheilagdomen og vaska dei med vatn.
5 Du skal ta kleda og kle Aron i kjortelen, kappa, efod-drakta og bryststykket, og binda efod-beltet om han.
6 Set turbanen hovudet hans, og fest det heilage diademet turbanen.
7 skal du ta salvingsoljen og hella ut over hovudet hans og salva han.
8 Deretter skal du føra fram sønene hans. Du skal kle dei i kjortlane,
9 spenna beltet om kvar av dei, både Aron og sønene hans, og setja turbanane dei. Prestedømet skal høyra dei til som ei evig ordning. skal du innsetja Aron og sønene hans.
10 Du skal føra oksen til framsida av teltheilagdomen, og Aron og sønene hans skal leggja hendene hovudet til oksen.
11 Du skal slakta oksen for HERRENS andlet ved inngangen til teltheilagdomen.
12 Noko av okseblodet skal du ta og stryka altarhorna med fingeren. Resten av blodet skal du hella ut ved foten av altaret.
13 skal du ta alt feittet som dekkjer innvolane og leverlappen, og begge nyrene med feittet som er dei, og la det opp i røyk altaret.
14 Men kjøtet og huda av oksen og mageinnhaldet skal du brenna opp utanfor leiren. Det er eit syndoffer.
15 skal du ta den eine vêren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene hovudet til vêren.
16 Du skal slakta han og ta blodet og stenka det rundt om altaret.
17 Sjølve vêren skal du dela opp. Innvolane og leggbeina skal du vaska og leggja oppå stykka og hovudet.
18 Lat heile vêren opp i røyk altaret. Det er eit brennoffer for HERREN, eit gåveoffer til godange for HERREN.
19 Deretter skal du ta den andre vêren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene hovudet til vêren.
20 Du skal slakta vêren og ta noko av blodet og stryka Aron og sønene hans, høgre øyreflipp, høgre tommelfinger og høgre stortå. Resten av blodet skal du stenka rundt om altaret.
21 Ta noko av blodet altaret og noko av salvingsoljen og skvett det Aron og kleda hans og sønene hans og kleda deira. blir både han og kleda heilage, like eins sønene og kleda deira.
22 skal du ta feittet vêren, det feitaste av halen, feittet rundt innvolane, leverlappen, begge nyrene med feittet som er dei, og det høgre låret. For dette er ein vigslingsvêr.
23 Frå korga med usyra brød som står for HERRENS andlet, skal du ta eit rundt brød, ei oljekake og eit flatt brød.
24 Alt dette skal du leggja i hendene Aron og sønene hans og la dei svinga det som eit svingeoffer framfor HERRENS andlet.
25 Ta det frå hendene deira og lat det opp i røyk altaret saman med brennofferet, til godange for HERREN. Det er eit gåveoffer for HERREN.
26 skal du ta brystet av vigslingsvêren til Aron og svinga det for HERRENS andlet. Det skal vera din del.
27 Du skal helga brystet og offerlåret som blir svinga. Det er ein vigslingsvêr for Aron og sønene hans.
28 Dette skal høyra til Aron og sønene hans som ei evig ordning hos israelittane. For det er ei offergåve, ei gåve som israelittane skal gje av fredsoffera sine, ei gåve frå dei til HERREN.
29 Arons heilage klede skal sønene hans ta over etter han. Dei skal ha kleda seg når dei blir salva og innsette.
30 Den av sønene hans som blir prest etter han, skal ha kleda i sju dagar. Han skal ha dei når han kjem til teltheilagdomen for å gjera teneste der.
31 Du skal ta vigslingsvêren og koka kjøtet ein heilag stad.
32 Og Aron og sønene hans skal eta kjøtet av vêren og brødet i korga ved inngangen til teltheilagdomen.
33 Dei skal eta dette soningsofferet når dei blir innsette og helga til prestar. Ingen uvigsla eta av det; for det er heilagt.
34 Blir det noko att av vigslingskjøtet og brødet til neste morgon, skal du brenna det opp. Det ikkje etast, for det er heilagt.
35 Slik skal du gjera med Aron og sønene hans, nett slik eg har sagt deg føre. Sju dagar skal vigsla vara.
36 Kvar dag skal du gjera i stand ein okse som syndoffer til soning. Du skal reinsa altaret for synd ved å gjera soning for det, og du skal salva det det blir heilagt.
37 Sju dagar skal du gjera soning for altaret og helga det det blir høgheilagt. Kvar den som rører ved det, blir heilag.
38 Og dette skal du gjera i stand altaret: to årsgamle lam, kvar dag i all framtid.
39 Det eine lammet skal du ofra om morgonen, og det andre lammet skal du ofra i skumringa.
40 Saman med det første lammet skal du ofra ein tiandedels efa fint mjøl, blanda med ein fjerdedels hin pressa olje, og som drikkoffer ein fjerdedels hin vin.
41 Det andre lammet skal du ofra i skumringa. Saman med det skal du bera fram grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit gåveoffer til godange for HERREN.
42 I alle slekter skal dette vera eit dagleg brennoffer for HERRENS andlet ved inngangen til teltheilagdomen. Der vil eg møta dykk, og der vil eg tala til deg.
43 Der vil eg møta israelittane, og staden skal bli helga av min herlegdom.
44 Både teltheilagdomen og altaret vil eg helga, og Aron og sønene hans vil eg helga til prestar for meg.
45 vil eg bu midt iblant israelittane og vera deira Gud.
46 Dei skal kjenna at eg er HERREN deira Gud, som førte dei ut frå Egypt for å bu midt iblant dei. Eg er HERREN deira Gud.