1Alt har si tid, det er ei tid for alt som hender under himmelen:
2ei tid for å fødast, ei tid for å døy, ei tid for å planta, ei tid for å riva opp,
3ei tid for å drepa, ei tid for å lækja, ei tid for å riva ned, ei tid for å byggja,
4ei tid for å gråta, ei tid for å le, ei tid for å sørgja, ei tid for å dansa,
5ei tid for å kasta stein, ei tid for å samla steinar, ei tid for å ta i famn, ei tid for å la famntak vera,
6ei tid for å leita, ei tid for å mista, ei tid for å gøyma, ei tid for å kasta,
7ei tid for å riva sund, ei tid for å sy i hop, ei tid for å teia, ei tid for å tala,
8ei tid for å elska, ei tid for å hata, ei tid for krig og ei tid for fred.
9Kva har den som arbeider, att for alt sitt strev?
10Eg såg det vonde strevet som Gud har gjeve menneska.
11Alt gjorde han vakkert, kvar ting til si tid. Ja, alle tider har han lagt i hjartet deira. Likevel kan ikkje mennesket fatta det Gud har gjort frå den første tid til den siste.
12Eg skjøna at ingen ting er betre for dei enn å gleda seg og nyta det gode i livet.
13For når eit menneske får eta og drikka og har glede av alt han eig, er det òg ei gåve frå Gud.
14Eg skjøna at alt Gud gjer, står gjennom alle tider. Ingen kan leggja noko til, og ingen kan trekkja noko frå. Gud har gjort det slik for at menneska skal ha ærefrykt for han.
15Det som hender, har hendt før, og det som skal henda, har òg hendt. Gud søkjer opp att det som kvarv.
16Vidare såg eg under sola: På rettens stad rådde uretten, der rettferd skulle rå, rådde uretten.
17Då sa eg til hjartet mitt: Det er Gud som skal dømma den som gjer rett og den som gjer urett. Ja, han har fastsett ei tid for alle ting og for alt som blir gjort.
18I hjartet mitt sa eg om menneska: Gud prøver dei så dei sjølve kan sjå at dei er som dyr.
19For det går slik med mennesket som det går med dyra, den eine som den andre: Begge skal døy, same livsanden har dei alle. Mennesket har ingen fordel framfor dyra. For alt er forgjengeleg.
20Alle går til same staden. Av støv er alle komne, og til støv skal dei bli på nytt.
21Kven veit om menneskeånda stig opp, medan dyreånda fell mot jorda?
22Eg såg at ingen ting er betre enn at mennesket finn glede i gjerningane sine; dette er delen det har fått. For kven lèt mennesket sjå det som sidan skal koma?