Ecclesiastes 4NO2011NN

1Igjen såg eg alle dei undertrykte, dei som lid urett under sola. Sjå, tårene rann på dei undertrykte, og det var ingen som trøysta dei. Handa til undertrykkjarane slo dei, og det var ingen som trøysta dei.

2Då sa eg: Dei døde er sælare enn dei levande, dei har det betre enn dei som enno lever.

3Men sælare enn begge er dei som aldri har levd og sett det vonde som blir gjort under sola.

4Eg såg at alt strev og all dugleik kjem av at den eine misunner den andre. Det òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.

5Dåren legg hendene i fanget og tærer på sitt eige kjøt.

6Betre ei handfull ro enn begge hender fulle av strev. Det er som å gjeta vinden.

7Igjen såg eg på det som er fåfengt under sola:

8Ein mann kan stå heilt åleine, utan både son og bror, og likevel er det ingen ende på alt hans strev; auga hans blir ikkje mette på rikdom. «Kven er det eg strevar for så eg nektar meg sjølv alt godt?» Dette òg er fåfengt og eit vondt slit.

9Det er betre å vera to enn éin, dei får god løn for sitt strev.

10For om dei fell, kan den eine hjelpa den andre opp. Men stakkars den som er åleine! Når han fell, er det ingen som kan reisa han opp.

11Når to ligg saman, blir dei varme, men korleis kan den som ligg åleine, halda seg varm?

12Om éin blir overvunnen, kan to halda stand. Ein tretvinna tråd slitnar ikkje så fort.

13Det er betre med ein fattig unggut som er klok, enn ein gammal konge som er dum og ikkje meir har vit til å høyra på åtvaring.

14Ein som kom ut av fengselet, vart teken til konge, men enno medan han styrte, vart det fødd ein fattig gut.

15Eg såg korleis alle menneske som gjekk omkring under sola, gav seg i lag med denne nye som skulle ta kongens plass.

16Det var ingen ende på alt folket som han vart førar for. Men heller ikkje han vart til glede for dei som kjem etter. Dette òg er fåfengt, som å gjeta vinden.

17Akta foten din når du går til Guds hus! Det er betre at du kjem dit og høyrer enn å bera fram offer slik dårane gjer; dei veit ikkje anna enn å gjera det vonde.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.