Ecclesiastes 2NO2011NN

1Eg sa i hjartet mitt: Gå no, prøv gleda og nyt det som er godt! Men det òg var slikt som forgår.

2Om latteren sa eg: Han er ein narr, og om gleda: Kva tener ho til?

3Eg ville la kroppen nyta vin, medan hjartet styrte meg med visdom. Eg ville prøva dårskapen, heilt til eg skjøna kva som er godt for menneska den korte tida dei lever under himmelen.

4Så sette eg store ting i verk: Eg bygde hus og planta vinmarker,

5eg stelte til hagar og parkar og sette alle slag frukttre i dei.

6Eg bygde dammar til å vatna lundar med frodige tre.

7Eg kjøpte slavar og slavekvinner, eg hadde slavar som var fødde i mitt hus. Eg fekk meg meir storfe og småfe enn nokon hadde hatt før meg i Jerusalem.

8Eg samla meg sølv og gull, og kongelege skattar frå andre rike. Eg fekk meg songarar og songarinner og det som er ei lyst for menn, kvinner og atter kvinner.

9Eg vart stor i makt og rikdom, ja, større enn nokon som har levd i Jerusalem før meg. Men visdomen min heldt eg fast ved.

10Eg sa ikkje nei til noko av det auga ønskte; eg nekta meg inga glede. Hjartet gledde seg over alt mitt arbeid, og det var løna for mitt strev.

11Så vende eg blikket mot alt mine hender hadde gjort, alt eg hadde samla ved å arbeida. Og sjå, alt var like fåfengt som å gjeta vinden. Det er ingen ting å vinna under sola.

12Eg vende blikket mot visdom, mot uforstand og dårskap. Kva kan han gjera som kjem etter kongen? Ikkje anna enn det som er gjort før han.

13Eg såg at visdom er betre enn dårskap, slik lyset er betre enn mørkret.

14Den vise har auge i hovudet, men dåren går omkring i mørker. Men eg skjøna òg at slik det går med den eine, slik går det med begge.

15Og eg sa i hjartet mitt: Slik det går med dåren, skal det òg gå med meg. Så kva skal all min visdom tena til? Og eg svara i hjartet mitt: Det òg er slikt som forgår.

16For minnet om den vise lever ikkje lenger enn minnet om dåren. I dagane som kjem, er allting gløymt for lenge sidan. Ja, den vise må døy, han slik som dåren.

17Då hata eg livet, for det som hender under sola, plaga meg. Alt er like fåfengt som å gjeta vinden.

18Eg hata alt eg hadde arbeidd og streva med under sola. Alt må eg overlata til den som kjem etter meg.

19Kven veit om det blir ein vis eller ein dåre som skal rå over det eg har vunne med mitt arbeid og min visdom under sola? Dette òg er fåfengt.

20Då vart eg djupt fortvila i hjartet over alt eg har arbeidd og streva med under sola.

21For ein mann kan vinna mykje med visdom, kunnskap og dugleik, men må likevel gje det i arv til ein annan som ikkje har hatt noko strev med det. Det òg er fåfengt, ei ulukke er det.

22Kva har mennesket att for alt sitt arbeid, alt hjartet jagar etter, for alt det strevar med under sola?

23Alle dagar som mennesket får, er fulle av smerte, og alt det driv med, gjev det sorg. Ikkje eingong om natta fell hjartet til ro. Det òg er fåfengt.

24Ingen ting er betre for eit menneske enn å eta og drikka og unna seg gode dagar midt i alt sitt strev. Men eg fekk sjå at det òg kjem frå Guds hand.

25For kven kan eta og vera glad utan at det er gjeve av han?

26Ja, Gud gjev visdom, kunnskap og glede til den som er god i hans auge. Men den som syndar, gjev han strevet med å samla og sanka, og sidan må han gje alt saman til den som er god i Guds auge. Dette òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.