1Ord av Forkynnaren, son til David og konge i Jerusalem.
2Fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg — alt er fåfengt!
3Kva har mennesket att for sitt strev, for alt det strevar med under sola?
4Slekter går, og slekter kjem, men jorda er alltid den same.
5Sola går opp, og sola går ned, så stundar ho attende til staden ho går opp.
6Ho skin og går mot sør, så snur ho og går mot nord, medan vinden snur og skifter og tek til med rundgangen på nytt.
7Alle elvar renn ut i havet, men havet blir ikkje fullt; dit elvane før har runne, held dei fram med å renna.
8Alle ting går sin strevsame gang, menneskeord strekk ikkje til. Auget blir ikkje mett av å sjå, og øyret blir ikkje fullt av å høyra.
9Det som har hendt, skal henda igjen, og det som vart gjort, skal gjerast på nytt. Ingen ting er nytt under sola.
10Blir det sagt om noko: «Sjå, dette er nytt», har det likevel hendt i tidlegare tider, lenge før oss.
11Ingen minnest det som hende før. Og det som skal koma, vil heller ingen hugsa i slektene som følgjer.
12Eg, Forkynnaren, var konge over Israel, i Jerusalem.
13Eg la meg på hjartet å undersøkja og granska med visdom alt som blir gjort under himmelen. Det er eit vondt strev Gud har gjeve menneska å plaga seg med.
14Eg såg på kvar gjerning som blir gjord under sola. Sjå, alt er like fåfengt som å gjeta vinden!
15Det som er kroket, kan ingen retta opp. Det som manglar, kan ingen telja.
16I hjartet mitt sa eg: Sjå, eg har vunne større visdom enn nokon som har styrt i Jerusalem før meg. Mykje har eg lært å kjenna av visdom og kunnskap.
17Eg la meg på hjartet å læra kva som er visdom, og kva som er dårskap og uforstand. Men eg fann at det òg var som å gjeta vinden.
18For med stor visdom følgjer mange sorger. Den som aukar sin kunnskap, aukar si smerte.