Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Ecclesiastes 11

:
Norwegian - NO2011NN
1 Kast ditt brød vatnet, for med tida skal du finna det att.
2 Del det du har, med sju eller åtte; for du veit ikkje kva for ulukke som kan henda jorda.
3 Når skyene blir fulle av regn, auser dei det ut over jorda. Fell eit tre, mot sør eller nord, blir det liggjande staden der det fall.
4 Den som aktar vinden, får ikkje så, den som kikkar skyene, får ikkje hausta.
5 Like lite som du veit korleis vinden blæs og beina blir til i mors liv, like lite kan du skjøna Guds gjerningar, han som gjer alle ting.
6 ditt såkorn om morgonen, og lat ikkje handa kvila mot kveld. Du veit ikkje kva som vil lukkast, det eine eller det andre, eller om begge delar er like gode.
7 Lyset gjer godt, det er ein fryd for auget å sjå sola.
8 Om mennesket får leva i mange år, skal det gleda seg over dei alle, men òg tenkja dei mørke dagane, for av dei blir det mange. Alt som kjem, er forgjengeleg.
9 Gled deg, du ungdom, medan du er ung, ver glad og fornøgd i livsvåren! dei vegane hjartet vil, følg det som lokkar ditt auge! Men vit at for alt som du gjer, skal Gud krevja deg til rekneskap.
10 bort det som piner hjartet, og det som plagar kroppen! For barndom og ungdom er som ein pust.