Amos 6NO2011NN

1Ve dei sorglause på Sion og dei trygge på Samarias fjell, dei gjævaste av det fremste folkeslaget, dei som Israels hus vender seg til.

2Far til Kalne og sjå, gå derifrå til Hamat-Rabba og far ned til Gat i Filistarland! Er de betre enn desse rika? Har dei eit større område enn de?

3De vil jaga ulukkedagen bort, men set vald i høgsetet.

4Dei ligg på elfenbeinsbenker og strekkjer seg på divanar, dei et lam frå saueflokken og gjøkalvar frå buskapen.

5Dei skrålar til harpespel som var dei David, og reknar instrumenta hans som sine.

6Dei drikk vin av offerskåler og salvar seg med den finaste olje, men lid ikkje under Josefs samanbrot.

7Difor skal dei no drivast i eksil, fremst mellom dei bortførte. Då blir det slutt på festsamlingane der dei ligg og dreg seg.

8Herren GUD har svore ved seg sjølv, seier HERREN, allhærs Gud: Eg avskyr Jakobs byrgskap og hatar borgene der. Eg utleverer byen og alt som er i han.

9Er det ti overlevande i eit hus, skal dei døy.

10Når ein ven eller slektning ber knoklane ut or huset, spør han den som er inst i huset: «Er det fleire att hos deg?» Og han svarar: «Nei, ingen.» Då seier han: «Hysj!» for HERRENS namn må ikkje nemnast.

11Sjå, HERREN byd, og han slår det store huset i knas og det vesle huset i bitar.

12Spring vel hestar opp bratte fjellet, pløyer ein det med oksar? Men de gjer retten om til gift og rettferds frukt til malurt.

13De gleder dykk over Lo-Dabar og seier: «Sanneleg. Det var med eiga kraft vi tok Karnajim.»

14Sjå, no reiser eg eit folk mot deg, Israels hus, seier HERREN, allhærs Gud. Dei skal undertrykkja dykk frå Lebo-Hamat til Araba-bekken.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Amos 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.