1Høyr dette ordet, Israels hus, ei likklage som eg stemmer i om dykk.
2Ho er fallen, ho reiser seg aldri meir, jomfru Israel. Ho ligg forlaten på eiga jord, ingen reiser henne opp.
3For så seier Herren GUD: Den byen som dreg ut med tusen mann, får hundre att, og den som dreg ut med hundre, får ti att i Israels hus.
4For så seier HERREN til Israels hus: Søk meg, så skal de leva!
5Søk ikkje til Betel, gå ikkje til Gilgal, far ikkje til Beer-Sjeba. For Gilgal skal drivast i eksil, og Betel skal bli til inkjes.
6Søk HERREN, så skal de leva! Elles kjem han som eld over Josefs hus, han øyder, og det er ingen i Betel til å sløkkja.
7Dei gjer retten til malurt og kastar rettferda til jorda.
8Han som skapte Sjustjerna og Orion, han som gjer dødsskugge om til morgon og dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet i havet og auser det ut over jorda, HERREN er namnet hans.
9Han som lèt øyding lyna over borga; øyding kjem over festninga.
10Dei hatar den som hevdar retten i porten, og avskyr den som talar sant.
11De trakkar småkårsfolk ned og krev korn i avgift av dei. Difor: De har bygd hus av hoggen stein, men skal ikkje få bu i dei. De har planta herlege vinmarker, men får ikkje drikka vinen.
12For eg kjenner til dykkar mange brot og dei tallause syndene dykkar, de som forfølgjer rettferdige, tek stikkpengar og driv fattige vekk frå porten.
13Difor teier den kloke i denne tida, for det er ei vond tid.
14Søk det gode og ikkje det vonde, så de får leva! Då skal HERREN, allhærs Gud, vera med dykk, som de seier.
15Hat det vonde og elsk det gode, hald retten høgt i porten! Så vil kanskje HERREN, allhærs Gud, vera nådig mot resten av Josef.
16Difor, så seier HERREN, allhærs Gud, Herren: På alle torg skal det vera klage, i alle gater skal dei ropa: «Ve, ve!» Dei skal kalla på bonden til sorg og på folk som kan gråta, til klage.
17På alle vinmarker blir det klage når eg går fram mellom dykk, seier HERREN.
18Ve dykk som lengtar etter HERRENS dag! Kva vil de med Herrens dag? Han er mørker og ikkje lys.
19Han er lik ein mann som rømmer frå løva og møter bjørnen. Og når han kjem heim og støttar handa til veggen, bit ormen han.
20Ja, mørk er HERRENS dag og ikkje lys, dyster og utan lysskin.
21Eg foraktar, ja, hatar festane dykkar, høgtidssamlingane held eg ikkje ut.
22For om de ber fram brennoffer eller grødeoffer, vil eg ikkje ha dei. Og fredsoffera dykkar med gjøkalvkjøt vil eg ikkje sjå.
23Fri meg frå dei ståkande songane dine, eg vil ikkje høyra på harpespel!
24Lat rett vella fram som vatn og rettferd lik bekker som alltid strøymer.
25Bar de fram for meg slaktoffer og grødeoffer dei førti åra i ørkenen, Israels hus?
26Og bar de på Sakkut, kongen dykkar, og Kevan, gudestjerna, bileta som de har laga?
27Eg fører dykk i eksil bortanfor Damaskus, seier HERREN. Allhærs Gud er namnet hans.