Amos 7
1 Dette viste Herren GUD meg: Sjå, han skapte grashopper då graset tok til å veksa etter slåtten. Sjå, det var etterveksten etter kongens slåttonn.
2 Då dei hadde ete opp alt graset i landet, sa eg: «Tilgjev, Herre GUD! Korleis kan Jakob stå seg, så liten som han er?»
3 Då angra HERREN på dette. «Det skal ikkje skje», sa HERREN.
4 Dette viste Herren GUD meg: Sjå, Herren GUD kalla elden til strid. Han slukte det store djupet og heldt på å eta opp åkrane.
5 Då sa eg: «Hald opp, Herre GUD! Korleis kan Jakob stå seg, så liten som han er?»
6 Då angra HERREN på dette. «Heller ikkje det skal skje», sa Herren GUD.
7 Dette viste han meg: Sjå, Herren stod på ein loddrett mur, i handa hadde han eit blylodd.
8 HERREN sa til meg: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: «Eit blylodd.» Då sa Herren: «Sjå, eg senkar loddet midt i Israel, folket mitt. Eg vil ikkje lenger ha tol med det.
9 Isaks offerhaugar skal øydast og Israels heilagdomar siga i røys. Eg vil reisa meg med sverd mot Jeroboams hus.»
10 Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel: Amos har fått i stand ei samansverjing mot deg midt i Israels hus. Landet kan ikkje tola alle orda hans.
11 For Amos seier: «Jeroboam skal døy for sverd, og Israel skal drivast i eksil, bort frå landet sitt.»
12 Sidan sa Amasja til Amos: Du sjåar, gå din veg, kom deg av stad til Juda! Der kan du eta ditt brød, der kan du profetera.
13 I Betel får du ikkje lenger profetera, for det er ein kongeleg heilagdom, eit rikstempel.
14 Då tok Amos til ords og sa til Amasja: Ikkje er eg profet og ikkje profetlæresvein. Eg held husdyr og dyrkar fiken.
15 Men HERREN tok meg bort frå saueflokken, og HERREN sa til meg: «Gå og tal profetord til Israel, folket mitt!»
16 Høyr no HERRENS ord: Du seier: «Ikkje tal profetord mot Israel, ikkje spå mot Isaks hus!»
17 Difor seier HERREN: «Kona di skal vera hore i byen, sønene og døtrene dine skal falla for sverd. Jorda di skal delast med målesnor, du sjølv skal døy på urein jord, og Israel skal drivast i eksil frå landet sitt.»