2 Thessalonians 3NO2011NN

1Til slutt, sysken, be for oss at Herrens ord må få fritt løp og haldast i ære, liksom hos dykk!

2Og be om at vi må bli berga frå vrange og vonde menneske — for det er ikkje alle som trur.

3Men Herren er trufast, han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde.

4Og i Herren har vi den tillit til dykk at de gjer og kjem til å gjera det vi byd dykk.

5Gjev Herren må leia hjartet dykkar fram til Guds kjærleik og Kristi tolmod!

6Vi byd dykk, sysken, i Herren Jesu Kristi namn, at de held dykk unna alle sysken som ikkje held orden på livet sitt og ikkje retter seg etter den overleveringa de fekk av oss.

7De veit sjølve korleis de må leva om de vil likna oss. For vi levde ikkje eit latmannsliv hos dykk,

8og vi åt ikkje vårt brød hos nokon utan å betala. Vi arbeidde natt og dag; vi streva og sleit så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk.

9Vi har nok full rett til livsopphald, men vi ville gje dykk eit føredøme så de kunne etterlikna oss.

10For då vi var hos dykk, gav vi dykk dette påbodet: Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta.

11Men no høyrer vi at somme av dykk ikkje held orden på livet sitt; dei passar ikkje arbeidet sitt, dei berre går og driv.

12Slike folk byd og formanar vi i Herren Jesu Kristi namn at dei skal arbeida i det stille og eta sitt eige brød.

13Men de, sysken, bli ikkje trøytte av å gjera det som rett og godt er!

14Og er det nokon som ikkje vil retta seg etter det vi har sagt i dette brevet, skal de merka dykk kven det er. Ha ikkje noko med han å gjera, så han ser si skam.

15Men hald han ikkje for ein fiende; tal han til rette som ein bror.

16Må fredens Herre sjølv gje dykk fred, alltid og på alle måtar. Herren vere med dykk alle!

17Eg, Paulus, skriv denne helsinga med mi eiga hand. Dette er kjennemerket i kvart brev. Slik er mi handskrift.

18Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Thessalonians 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.