1Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von,
2helsar Timoteus, mitt ektefødde barn i trua: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!
3Då eg drog til Makedonia, bad eg deg vera att i Efesos. Du skulle forby einskilde der å fara med ei anna lære
4eller vera opptekne av mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelseplan, der det dreiar seg om tru.
5Målet for dette oppdraget er kjærleik av eit reint hjarte, av eit godt samvit og av ei oppriktig tru.
6Nokre har forvilla seg bort frå dette og har hamna i tomme ord.
7Dei vil vera lovlærarar, men skjønar korkje det dei sjølve seier eller det dei talar så sjølvsikkert om.
8Men vi veit at lova er god om vi bruker henne slik ho skal brukast,
9og forstår at ho ikkje er gjeven for rettferdige, men for lovbrytarar og ulydige, ugudelege og syndarar, gudsfornektarar og vanheilage, og for dei som slår far sin eller mor si, for mordarar,
10dei som driv hor, menn som ligg med menn, dei som driv med menneskehandel, løgnarar og dei som sver falsk eid, og kva som elles måtte strida mot den sunne læra.
11Dette er i samsvar med evangeliet om herlegdomen hos Gud, den sæle, det evangeliet som er tiltrudd meg.
12Eg takkar han som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, fordi han synte meg tillit og sette meg til tenesta,
13eg som før spotta, forfølgde og fór fram med vald. Men eg fekk miskunn, for i mi vantru visste eg ikkje kva eg gjorde.
14Og vår Herres nåde har vore overstrøymande rik og gjeve meg tru og kjærleik i Kristus Jesus.
15Det er eit truverdig ord og vel verdt å ta imot, at Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og av dei er eg den største.
16Men når eg fekk miskunn, var det for at eg skulle vera den første som Kristus Jesus kunne visa alt sitt tolmod, så eg vart eit førebilete for dei som sidan skulle koma til tru på han og få evig liv.
17Han som er konge frå æve til æve, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, han vere pris og ære i all æve! Amen.
18Timoteus, mitt barn, slik er oppdraget eg no overgjev til deg, i samsvar med dei profetord som før er tala til deg. Ved dei skal du strida den gode striden,
19i tru og med eit godt samvit. Samvitet har nokre kasta frå seg, og trua deira har forlist.
20Mellom dei er Hymeneos og Aleksander, som eg har overgjeve til Satan, for at dei skal bli viste til rette så dei ikkje spottar.