1Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome, og det at vi skal samlast hos han, bed vi dykk, sysken:
2Lat dykk ikkje så lett driva ut i forvirring, og lat dykk ikkje skremma, verken av åndsbodskapar, av påstandar eller av brev som dei seier er frå oss, om at Herrens dag er komen.
3Lat ingen føra dykk vill på nokon måte! For først må fråfallet koma og den lovlause syna seg, han som er fortapingssonen.
4Det er motstandaren, han som opphøgjer seg over alt det som gud og heilagdom heiter, så han til og med set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.
5Hugsar de ikkje at eg sa dette då eg var hos dykk?
6Og de veit kva som no held han att, så han først openberrar seg når hans tid kjem.
7Lovløysa er alt verksam med si kraft, men i løyndom, for han som enno held att, må først ryddast av vegen.
8Då skal den lovlause syna seg, han som Herren Jesus skal drepa med pusten frå sin munn og gjera til inkjes den dagen han kjem i herlegdom.
9Når den lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn.
10Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje ville elska sanninga så dei kunne bli frelste.
11Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur løgna.
12Og slik får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
13Vi må alltid takka Gud for dykk, sysken, de som er elska av Herren. For som førstegrøde valde Gud dykk ut til å bli frelste, de som vart helga av Anden og trudde sanninga.
14Dette kalla han dykk til ved det evangeliet vi forkynner, så de skal vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom.
15Stå då støtt, sysken, og hald fast på dei overleveringane de har vorte underviste i av oss, anten munnleg eller i brev.
16Vår Herre Jesus Kristus sjølv og Gud, vår Far, som har elska oss og i sin nåde gjeve oss ei evig trøyst og eit rikt håp,
17måtte han gje dykkar hjarte mot og styrkje dykk til alt godt, i ord og gjerning!