2 Thessalonians 1NO2011NN

1Paulus, Silvanus og Timoteus helsar forsamlinga i Tessalonika, i Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.

2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

3Vi må alltid takka Gud for dykk, sysken, som rett er. For trua dykkar veks seg stadig rikare, og kjærleiken de har til kvarandre, blir større hos kvar og ein av dykk.

4Når vi fortel om dykk i Guds forsamlingar, kan vi difor vera stolte over det tolmod og den tru de viser i alle dei forfølgingar og trengsler de må tola.

5Dette er eit varsel om Guds rettferdige dom, då de skal finnast verdige til Guds rike, som de no lid for.

6For det er rettferdig i Guds auge at dei som fører trengsler over dykk, skal han gje trengsler att;

7og dykk som lid trengsler, skal han gje lindring saman med oss når Herren Jesus openberrar seg frå himmelen. Han kjem med sine mektige englar

8i logande eld og straffar dei som ikkje kjenner Gud, og dei som ikkje er lydige mot vår Herre Jesu evangelium.

9Straffa dei skal lida, blir ei evig fortaping borte frå Herrens andlet og borte frå hans herlegdom og makt,

10den dagen han kjem og skal lovprisast mellom sine heilage og tilbedast av alle som trur. Og de har trudd det vitnemålet vi bar fram.

11Difor bed vi alltid for dykk at vår Gud må gjera dykk verdige til det kallet de har fått, og fylla dykk heilt med vilje til det gode og med ei tru som med kraft viser seg i gjerning.

12Då skal vår Herre Jesu namn bli herleggjort i dykk, og de i han, ved vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Thessalonians 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.