1Men om timane og tidene treng vi ikkje skriva til dykk, sysken.
2For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta.
3Når folk seier: «Fred og ingen fare», då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda, og dei kan ikkje sleppa unna.
4Men de, sysken, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv.
5For de er alle born av lyset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til.
6Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue!
7For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg fulle, dei drikk om natta.
8Men vi som høyrer dagen til, vi skal vera edrue, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm.
9For Gud har ikkje valt oss ut til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus.
10Han døydde for oss så vi skal leva saman med han anten vi vaker eller søv.
11Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer.
12Vi bed dykk, sysken, at de må verdsetja dei som slit og arbeider mellom dykk, dei som er dykkar føresette i Herren og rettleier dykk.
13De skal visa dei den største kjærleik og respekt på grunn av den gjerninga dei gjer. Lat freden råda mellom dykk!
14Vi legg dykk på hjartet, sysken: Tal til rette dei som ikkje held orden på livet sitt, set mot i dei motlause, ta dykk av dei veike, ver tolmodige mot alle!
15Sjå til at ingen løner vondt med vondt, men legg vinn på å gjera godt mot kvarandre, ja, mot alle!
16Ver alltid glade!
17Be uavlateleg!
18Takk Gud, kva som enn møter dykk! For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.
19Sløkk ikkje ut Anden!
20Forakt ikkje profetord,
21men prøv alt og hald fast på det gode!
22Hald dykk ifrå vondskap av alle slag!
23Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde, så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem!
24Trufast er han som kallar dykk til dette. Han skal òg fullføra det.
25Be for oss, sysken!
26Hels alle syskena våre i trua med eit heilagt kyss!
27Eg byd dykk ved Herren at dette brevet skal lesast opp for dei alle.
28Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!