1Mine born, dette skriv eg til dykk så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hos Far. Det er Jesus Kristus, Den rettferdige.
2Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.
3Og på dette veit vi at vi kjenner han: at vi held boda hans.
4Den som seier: «Eg kjenner han», men ikkje held boda hans, er ein løgnar, og sanninga er ikkje i han.
5Men Guds kjærleik har i sanning vorte fullenda i den som held ordet hans. Av dette veit vi at vi er i han.
6Den som seier: «Eg er i han», må leva som Jesus levde.
7Mine kjære, eg skriv ikkje eit nytt bod til dykk, men eit gammalt bod som de har hatt frå første stund. Dette gamle bodet er det ordet de har høyrt.
8Likevel er det eit nytt bod eg skriv til dykk, eit bod som er sant i han og i dykk. For mørkret vik bort, og det sanne lyset skin alt no.
9Den som seier at han er i lyset, men hatar bror sin, er enno i mørkret.
10Den som elskar bror sin, blir verande i lyset og fører ingen til fall.
11Men den som hatar bror sin, er i mørkret og vandrar i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda auga hans.
12Eg skriv til dykk, born, fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld.
13Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de har vunne over den vonde.
14Ja, eg har skrive til dykk, born, fordi de kjenner Far. Eg har skrive til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg har skrive til dykk, de unge, fordi de er sterke. Guds ord blir verande i dykk, og de har vunne over den vonde.
15Elsk ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Far i seg.
16For alt her i verda — lysta i kroppen, lysta som styrer auga, og skrytet av det ein eig — det er ikkje av Far, men av verda.
17Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, blir verande til evig tid.
18Mine born, dette er den siste tida. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at no er den siste tida.
19Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hos oss. Slik skulle det visa seg at ikkje alle er av oss.
20Men de er alle salva av Den heilage og kjenner sanninga.
21Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga løgn kjem frå sanninga.
22Og kven er løgnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Antikrist er den som fornektar Faderen og Sonen.
23Den som fornektar Sonen, har heller ikkje fellesskap med Faderen. Den som vedkjenner Sonen, har òg fellesskap med Faderen.
24Lat det då bli verande i dykk, det de har høyrt frå først av. For dersom det blir verande i dykk, det de har høyrt frå først av, blir de òg verande i Sonen og i Faderen.
25Og dette er det han har lova oss: det evige livet.
26Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vill.
27Men den salven de har fått av han, blir verande i dykk, og de treng ikkje at nokon lærer dykk. For hans salve lærer dykk alt, og den er sann og utan løgn. Bli difor verande i han, slik de har lært.
28Ja, born, bli verande i han! Då kan vi vera frimodige når Kristus openberrar seg, og ikkje bli bortviste med skam når han kjem att.
29Når de veit at han er rettferdig, skjønar de at den som gjer det som er rett, er fødd av han.