1 John 1NO2011NN

1Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med våre eigne auge, det vi såg og det hendene våre rørte ved, sjølve livsens ord, det forkynner vi.

2Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner for dykk det evige livet. Det var hos Far og vart openberra for oss.

3Det vi har sett og høyrt, forkynner vi òg for dykk, så de skal ha fellesskap med oss, vi som har fellesskap med Far og med hans Son, Jesus Kristus.

4Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.

5Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er lys; i han finst det ikkje mørker.

6Seier vi at vi har fellesskap med han, men vandrar i mørkret, då lyg vi og følgjer ikkje sanninga.

7Men dersom vi vandrar i lyset, liksom han er i lyset, då har vi fellesskap med kvarandre, og blodet frå Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd.

8Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss.

9Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.

10Seier vi at vi ikkje har synda, då gjer vi han til løgnar, og hans ord er ikkje i oss.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 1 John 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.