1 John 3NO2011NN

1Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born — ja, vi er det! Verda kjenner oss ikkje, fordi ho ikkje kjenner han.

2Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er.

3Kvar den som har dette håpet til han, reinsar seg, slik Kristus er rein.

4Kvar den som gjer synd, gjer opprør mot lova, ja, synd er opprør mot lova.

5Og de veit at han openberra seg for å bera bort syndene våre, og i han finst det inga synd.

6Den som blir verande i han, syndar ikkje. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.

7Mine born, lat ingen føra dykk vill! Den som gjer det som er rett, er rettferdig, slik Kristus er rettferdig.

8Den som gjer synd, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg.

9Den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd. For det Gud har sådd, blir verande i han. Han kan ikkje synda, for han er fødd av Gud.

10Slik viser det seg kven som er Guds born, og kven som er djevelens born: Den som ikkje gjer det som er rett, og ikkje elskar bror sin, er ikkje av Gud.

11For dette er den bodskapen de har høyrt frå første stund: Vi skal elska kvarandre.

12Vi må ikkje vera som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.

13De må ikkje undra dykk, sysken, om verda hatar dykk.

14Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, for vi elskar syskena våre. Den som ikkje elskar, er og blir i døden.

15Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg.

16Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet sitt for oss. Så skyldar òg vi å gje livet for syskena våre.

17Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjartet sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?

18Mine born, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning!

19Slik skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa vårt hjarte for hans andlet.

20For om hjartet vårt fordømmer oss, er Gud større enn hjartet og veit alt.

21Mine kjære, dersom hjartet vårt ikkje fordømmer oss, har vi frimod for Gud.

22Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er godt i hans auge.

23Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt hans Son, Jesus Kristus, og elska kvarandre, slik han baud oss.

24Den som held hans bod, blir verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 1 John 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.