1 Corinthians 9NO2011NN

1Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Har eg ikkje sett Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren?

2Er eg ikkje apostel for andre, så er eg det i alle fall for dykk. For de er seglet på apostelkallet mitt i Herren.

3Mitt forsvar mot dei som dømmer meg, er dette:

4Har ikkje vi òg rett til å få mat og drikke?

5Har ikkje vi òg rett til å ha med oss ei truande syster som kone, liksom dei andre apostlane og Herrens brør og Kefas?

6Er det berre eg og Barnabas som ikkje har rett til å sleppa å arbeida?

7Kven er soldat og betaler løna sjølv? Kven plantar ei vinmark utan å få eta av frukta? Eller kven gjeter ein buskap utan å drikka av mjølka frå buskapen?

8Talar eg dette berre ut frå menneskeleg tankegang? Seier ikkje lova òg det same?

9For i Moselova står det skrive: Du skal ikkje binda for mulen på ein okse som treskjer. Men er det oksane Gud har omsorg for?

10Er ikkje dette sagt fullt og heilt med tanke på oss? Jau, for vår skuld er det skrive. For den som pløyer, skal pløya med håp, og den som treskjer, skal gjera det med håp om å få sin del.

11Har vi sådd det åndelege blant dykk, er det då for mykje om vi får hausta av det materielle?

12Om andre har rett til dette hos dykk, skulle ikkje vi ha det endå meir? Men vi har ikkje nytta denne retten. Vi finn oss i alt, så vi ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium.

13Veit de ikkje at dei som gjer teneste i tempelet, får eta av det som kjem inn til tempelet, og at dei som tener ved altaret, får sin del av det som blir ofra på altaret?

14På same måten har Herren gjeve påbod om at dei som forkynner evangeliet, skal leva av evangeliet.

15Men eg har ikkje nytta nokon av desse rettane. Eg har heller ikkje skrive dette for å gjera krav på dei. For eg ville heller døy — ingen skal ta frå meg dette som eg er så stolt av.

16For om eg forkynner evangeliet, så er ikkje det noko å skryta av; det ligg på meg som ein tvang. Ve meg om eg ikkje forkynner evangeliet!

17Gjer eg det frivillig, då har eg krav på løn. Men gjer eg det fordi eg må, då er det ein hushaldars oppgåve som er tiltrudd meg.

18Kva er så mi løn? Jau, at eg forkynner evangeliet utan kostnad for nokon og ikkje nyttar den retten som evangeliet gjev meg.

19Endå eg er fri og ikkje slave for nokon, har eg gjort meg til slave for alle for å vinna så mange som råd.

20For jødane har eg vorte som ein jøde, så eg kan vinna jødar. For dei som er under lova, har eg vorte lik ein som er under lova, så eg kan vinna dei, endå eg sjølv ikkje er under lova.

21For dei som er utan lov, har eg vorte som ein som er utan lov, så eg kan vinna dei, endå eg ikkje er utan lov for Gud, men bunden av Kristi lov.

22For dei veike har eg vorte veik, så eg kan vinna dei veike. For alle har eg vorte alt, så eg i alle fall kan frelsa nokre.

23Men alt gjer eg for evangeliet skuld, så eg sjølv kan få del i det.

24Veit de ikkje at dei som spring på stadion, dei er alle med i løpet, men berre éin får sigersprisen? Spring då slik at de vinn prisen!

25Alle som er med i kampleikane, må nekta seg alt. Dei gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi for å vinna ein uforgjengeleg.

26Så spring eg ikkje utan mål; eg er ikkje som ein nevekjempar som slår i lause lufta.

27Nei, eg er hard med kroppen min og tvingar han til å lystra, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal koma til kort.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.