1Eg vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya og gjekk alle gjennom havet.
2Alle vart døypte til Moses i skya og i havet,
3og dei åt alle den same åndelege maten
4og drakk alle den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som følgde dei, og berget var Kristus.
5Likevel hadde Gud inga glede i dei fleste av dei, for dei vart nedslegne i øydemarka.
6Desse hendingane er åtvarande eksempel for oss. Dei skal læra oss at vi ikkje skal ha lyst til det vonde, slik som dei hadde.
7Ver ikkje avgudsdyrkarar slik nokre av dei var, som det står skrive: Folket sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa.
8Lat oss heller ikkje driva hor, slik nokre av dei dreiv hor, så tjuetre tusen menneske fall på ein dag.
9Heller ikkje må vi setja Kristus på prøve, slik nokre av dei gjorde og vart drepne av ormane.
10Og de må ikkje vera misnøgde og murra, slik nokre av dei murra og vart drepne av øydeleggjaren.
11Det som hende med dei, skulle vera til åtvaring. Det er skrive ned til rettleiing for oss, og til oss er dei siste tider komne.
12Difor må den som trur at han står, passa på at han ikkje fell.
13De har ikkje møtt andre freistingar enn slike som høyrer menneskelivet til. Og Gud er trufast, han skal ikkje la dykk bli freista over evne. Nei, midt i freistinga vil han òg visa ein utveg, så de kan halda ut.
14Difor, mine kjære, hald dykk langt borte frå avgudsdyrkinga!
15Eg talar til dykk som til forstandige menneske. Døm sjølve om det eg seier!
16Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp?
17Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet.
18Sjå på Israelsfolket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret?
19Kva meiner eg med dette? At eit avgudsoffer har noko for seg, eller at ein avgud er noko?
20Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha fellesskap med vonde ånder.
21De kan ikkje drikka både Herrens beger og begeret til vonde ånder. De kan ikkje vera med både ved Herrens bord og ved bordet til vonde ånder.
22Eller vågar vi vekkja Herrens harme? Er vi sterkare enn han?
23Alt har eg lov til, men ikkje alt tener til det gode. Alt har eg lov til, men ikkje alt byggjer opp.
24Ingen må søkja sitt eige beste, men det som er best for den andre.
25Alt som blir selt på torget, kan de eta med godt samvit utan å spørja om det er offerkjøt.
26For jorda og det som fyller henne, høyrer Herren til.
27Om ein av dei som ikkje trur, bed dykk heim til seg, og de gjerne vil koma, så et med godt samvit alt som blir sett fram for dykk, utan å spørja kva det er.
28Men seier nokon til dykk: «Dette er offerkjøt», så et det ikkje — for hans skuld som sa det, og for samvitet skuld.
29Og då meiner eg hans samvit, ikkje ditt. For kvifor skal min fridom dømmast av samvitet til ein annan?
30Om eg tek imot dette med takk, kvifor skal eg då klandrast for det som eg takkar Gud for?
31Men anten de et eller drikk, eller kva de gjer, så gjer det alt til Guds ære!
32Lat korkje jøde eller grekar eller Guds kyrkje få noko å støyta seg på!
33Eg prøver sjølv å vera alle til lags på alle vis. Eg søkjer ikkje mitt eige beste, men det som er best for andre, så dei kan bli frelste.